Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen på NHOs årskonferanse

Pandemien og krigen i Ukraina har endra verda. I dag var Den Høgvørde Kronprins Haakon til stades på årskonferansen til Næringslivets Hovedorganisasjon der «Ein ny morgondag» var hovudtema.

12.05.2022

Bakteppet for årets konferanse er krig i Europa, millionar av menneske på flukt, klimakrise, energispørsmål og grøn omstilling. På scena i Oslo Spektrum i dag stod ekspertar, politikarar og medlemmar og bedrifter i NHO som snakka om korleis vi skal løyse dei store utfordringane som ligg framfor oss.

Administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO innleidde under overskrifta “Sanningas augneblink”. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

– De vil møte mange bedrifter på scena i dag, bedrifter som vil leie an. Og dei har ei klar melding. No må vi gå frå ordskifte til taktskifte. Vi må seie ja til ambisiøse klimamål. Vi må seie ja til ein offensiv klimapolitikk, sa administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO innleiingsvis.

Kronprins Haakon på plass i salen med varaordførar i Oslo Abdullah Alsabeehg og NHO-president Svein Tore Holsether. Foto: NTB Kommunikasjon / NHO

Det blei vist til ein fersk undersøking blant unge mellom 15 og 29 år der seks av ti unge, 65 prosent, oppgjev at dei no uroar seg for krig og uro i verda.

– Krig og uro i verda er den saka som uroar dei unge mest. Klimaendringar og øydelegging av natur og miljø har over fleire år vore den største bekymringa for dei unge, men med krigen i Europa har dei fått nok ei stor bekymring inn i livet, sa Tove Botnen, ansvarleg for UNG-undersøkinga.

Røyrleggjar Aksel Halvorsen delte tankar om arbeidslivet i framtida i samtale med Kronprinsen og varaordførar Abdullah Alsabeehg. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

På scena satt to unge arbeidstakarar  prosjektingeniør Åse Nerol Kleven i Kongsberg gruppen og røyrleggjar Aksel Halvorsen i Rørleggersentralen. Dei såg optimistisk på framtida.

– Eg trivast veldig godt i røyrleggjarfaget. Vi treng alltid folk. Og det å kunne byggje landet vidare synast eg er ein veldig gøy jobb i seg sjølv, sa Aksel Halvorsen til stor applaus frå salen.

Under lunsjen møtte Kronprinsen fleire av dei som hadde snakka på scena under fyrste del av konferansen – som dei unge arbeidstakarane. Torben Sneve, nordisk sjef i Adecco, og Drilon Hulaj, fabrikksjef Kongsberg Automotive i Raufoss, delte sine tankar om flyktningar i jobb og kompetanse. Karen-Anna Eggen, forskar ved Forsvarets Høgskole, deltok òg i samtalen og hadde heldt eit innlegg om det russiske verdsbilete.

Sofie Høgestøl var programleiar for årskonferansen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook