Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen besøkte forskningsstasjon på Grønlandsisen

Den Høgvørde Kronprinsen og ekspedisjonslaget frå UiT Noregs arktiske universitet, som i desse dagar kryssar Grønlandsisen, nådde i helga eit av dei store delmåla for ekspedisjonen – forskingsstasjonen EastGRIP.

30.05.2022

Den Høgvørde Kronprinsen og ekspedisjonslaget frå UiT Noregs arktiske universitet, som i desse dagar kryssar Grønlandsisen, nådde i helga eit av dei store delmåla for ekspedisjonen – forskingsstasjonen EastGRIP.  

Formidlingsekspedisjonen «Over den store bre» har vore oppe på Grønlandsisen sidan 19. mai og har ved hjelp av kite og ski så langt teke seg over 800 km inn på isen. Undervegs har ekspedisjonsmedlemmene teke snøprøvar til det internasjonale forskarteamet på EastGRIP.  

Rundt 2700 meter over havet, midt oppe på isen nordaust i Grønland, ligg forskingsstasjonen EastGRIP. Her jobbar forskarar med å bore ein kjerne 2600 meter gjennom isen. Punktet stasjonen ligg på, er kjelda til ein såkalla isstraum. Det vil seie at isen bevegar seg med relativt stor fart mot havet. Isstraumen går fortare og fortare jo nærare han kjem kysten – og endar opp med å pumpe enorme mengder is ut i Nioghalvfjersfjorden på nordaustkysten av Grønland.

Målet med forskinga er å finne ut kvifor slike isstraumar oppstår, kva som vil skje med dei i eit varmare klima, og kva forskarane vil finne når dei har bora seg gjennom isen. Kunnskap om slike isstraumar vil vere avgjerande for å kunne anslå kor mykje av isen på kloden som vil ende opp i havet ved eit varmare klima.

Inne i isen. Forskarane Hans Christian Steen-Larsen (Universitetet i Bergen) og Chantal Zeppenfeld (Universitetet i Bern) forklarer Kronprinsen og Vegard Ulvang kva for ein informasjon dei kan lese ut av snøprøvane. Foto: Harald Dag Jølle / UiT.

Internasjonalt forskarteam

På forskingsstasjonen vart Kronprins Haakon og resten av ekspedisjonsmedlemmene mottekne av ei internasjonal besetning på 19 medlemmer. Prosjektet blir koordinert av Center for Is og Klima ved Københavns Universitet i Danmark og har partnaruniversitet og samarbeid med forskingsgrupper frå mange ulike land som bidreg til forskinga.

Stasjonsleiar Jørn Peder Steffensen og Kerim Hestnes Nisancioglu, forskar ved Universitetet i Bergen og leiar av prosjektet frå norsk side, fortalde om arbeidet som blir gjort ved stasjonen. Stasjonsleiar Steffensen og den danske klimaforskaren Dorthe Dahl-Jensen har vore pådrivarar for dansk iskjerneboring sidan 1970-talet.

Forskingsstasjonen består blant anna av eit stasjonsbygg, ein treetasjes dome. Inne i isen er det fleire undersnøiske kanalar som husar boretårn, islager, verkstad og laboratorium. Foto: East Greenland Ice-core Project, www.eastgrip.org.

Har henta opp over 40 000 år gammal is

Under besøket til EastGRIP fekk Kronprinsen vere med ned i kanalane, 10 meter under bakken, inne i sjølve grønlandsisen. Jørn Peder Steffensen viste rundt og forklarte kva som vanlegvis går føre seg i kanalane. Holet er no 2100 meter djupt, og forskarane har henta opp over 40 000 år gammal is. Dei kjem ikkje heilt gjennom i år, men målet er at ein i løpet av 2023 vil få svar på kva som skjuler seg på botnen av isstraumen.

I tillegg til iskjerneboring går det òg føre seg anna forsking ved stasjonen. For betre å forstå den klimainformasjonen som ligg lagra i isen, blir dei øvste snølaga undersøkte og analyserte detaljert. Kronprinsen vart med forskarane Hans Christian Steen-Larsen (Universitetet i Bergen) og Chantal Zeppenfeld (Universitetet i Bern) ut i snøføyken for å ta 12 av i alt 4500 snittprøvar som skal samlast inn denne sesongen.

Under den 800 km lange ferda frå vestkysten til EastGRIP midt på Grønlandsisen har ekspedisjonsmedlemmene samla snøprøvar som dei no har overlevert til forskarane på forskingsstasjonen. Foto: Harald Dag Jølle / UiT.

Den 19. mai la Kronprinsen ut på ein formidlingsekspedisjon over Grønlandsisen. Ekspedisjonen har som mål å spreie kunnskap om polarhistorie og den viktige forskinga som går føre seg i Arktis. UiT – Noregs arktiske universitet – står bak ekspedisjonen og har invitert Kronprinsen med. Ved hjelp av kite og ski skal innlandsisen i Grønland kryssast frå vest til aust.

Sjå kart og følg ekspedisjonen dagleg på UiTs nettside.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook