Middag med alle ordførarane i landet
Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga var i går kveld til stades da alle ordførarane i landet var samla til stor festmiddag i Oslo rådhus. Det er tradisjon at ordføraren i Oslo inviterer alle kollegaene sine til opplevingar i hovudstaden ein gong i løpet av valperioden.
I år har ordførar Marianne Borgen lagt opp til at kollegaene hennar frå heile landet skal få oppleve Oslos nye flotte kulturbygg. Før gårsdagens festmiddag fekk ordførarane besøkje Nasjonalmuseet – fire dagar før det blir offisielt opna.
– Det er ei stor glede endeleg å få ønskje velkommen til ordførarar frå heile landet. Eg håpar de har hatt ein fin dag på Nasjonalmuseet. Eg ser fram til morgondagen, da vi saman skal besøkje Munchmuseet og Deichman Bjørvika, sa ordførar Marianne Borgen da ho ønskte velkommen til bords i Oslo rådhus.
Kongen i samtale med Valgerd Svarstad Haugland, statsforvaltar i Oslo og Viken. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.
Demokrati
– Vi har alle det til felles at vi er valde av folket og har fått tillit av innbyggjarane. Det er vi som til dagleg forvaltar det lokale demokratiet vårt, vi er berarar av demokratiet. Det er eit stort og alvorleg ansvar. Ein tillit som vi forvaltar med hardt arbeid kvar dag, saman med innbyggjarane i kommunane våre. Den grunnleggjande tilliten som er i vårt land, var noko av grunnlaget for at landet greidde å komme seg gjennom to tøffe år med alvorleg pandemi, sa Borgen til ordførarkollegaene sine.
I dag skal ordførararane besøkje Deichman Bjørvika og det nye Munchmuseet. Her vil dei få lære om moderne bibliotekdrift, arkitektur og ungdomssatsinga UngForOslo (UFO). På Munchmuseet får ordførarane høyre om samlinga og får sjansen til å sjå kunstverka på eiga hand.
Dronninga sat saman med Stortingspresident Masud Gharahkhani, ordførar Merete Myhre Moen i Tynset kommune og ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.
Aktuelle saker

Natur og utdanning i Sogndal
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen fortsetter sin fylkestur til Vestland i dag, til kommunene Sogndal og Høyanger. I Sogndal var utdanning fra barnehage til doktorgrad et sentralt tema.

Innledet fylkestur i Aurland og Lærdal
I dag innledet Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen årets fylkestur, som går til Sogn i Vestland. Den spektakulære Flåmsbana tok Kronprins Haakon gjennom Aurland - den første kommunen på turen.