Hopp til hovedinnhold

Starta i turistkommunen Fjord

– Dei årvisse fylkesturane våre er noko av det kjæraste Kongen og eg gjer, sa Hennar Majestet Dronninga, som heldt den første talen på turen. I løpet av tre dagar vitjar Kongeparet fem kommunar i Møre og Romsdal.

30.08.2022

Fjord kommune var første mål på reisa, og i føremiddag kom Kongeparet til land ved Syltetorget i jordbærbygda Valldal med sjaluppen frå Kongeskipet Norge.

Kongeparet kjem til Valldal. Foto: Lise Åserud, NTB

På kaia venta 9-åringane Odin Storheim Homlong og Johanne Melchior Meek med blomster til Kongeparet. Korpsmusikantane spelte kjende og kjære marsjar, og langs trebrygga stod barn med flagg oppstilte og viste veg til paviljong og sitjeplassar som var gjorde klare til gjestene.

Folkefest på Syltetorget 

Ordførar Eva Hove ønskte Kongeparet velkommen, og elevar frå Fjord kulturskule underheldt med folketone og slått. Det vart eit storslege finalenummer. Til framføringa av Odd Nordstogas «Dans, dans, dans» fekk kulturskulen nemleg hjelp av elevar frå tre skular, eit stort kor av lokale songarar og eit husband.

Viktig turistkommune med søte jordbær 

– Dei årvisse fylkesturane våre er noko av det kjæraste Kongen og eg gjer, sa Hennar Majestet Dronning Sonja på talarstolen i Valldal. 

– Vi får lov til å oppleve landet vårt i allslags vêr, og vi får sjansen til å nyte det beste vi har av lokal kultur, mat og tradisjonar. Det beste er likevel å møte alle menneska som bur over vårt ganske land. Menneske som er stolte av heimstaden sin, og som utgjer dei store og små varme fellesskapa i by og bygd.

– Dei årvisse fylkesturane våre er noko av det kjæraste Kongen og eg gjer, sa Hennar Majestet Dronning Sonja. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Dronninga takka alle involverte for den flotte velkomsten og omtalte verdsarvkommunen Fjord som noko av det vakraste vi har. Ho delte også frå dei mange turane sine til fjordar, fjell og gardar i området.

Les Dronninga sin tale her

Fjord er ein viktig turistkommune med eit eventyrleg fjell- og fjordlandskap. Mange ønskjer å oppleve Trollstigen mellom Rauma og Fjord, og heile 16 prosent av innbyggjarane har jobbar i tilknyting til turisme.

– Kongen og eg er imponerte over næringslivet i kommunen dykkar – ein blomstrande turisme, innovative nysatsingar i fiskeoppdrett, eit verdskjent hotell på stolpar – og sjølvsagt landbruket her i Fjord, sa Dronning Sonja og nemnde spesielt «dei søtaste jordbær» som Valldal er kjend for.

Kongen og Dronninga fekk smake det beste av lokale bær, frukt og iskrem i ulike buer rundt Syltetorget. Foto: Lise Åserud / NTB

I Fjord blir det i tillegg produsert korn og aprikosar, og Kongen og Dronninga fekk smake det beste av lokale bær, frukt og iskrem i ulike buer rundt Syltetorget. Stolane som Kongeparet sat i under vitjinga, var laga av kvar sin lokale møbelprodusent – Sitwell og Stordal Møbel.

I det gamle og ærverdige Sylte hotell er det mykje historie i veggene – blant anna vitja Kong Haakon hotellet i samband med opninga av Trollstigen i 1936. Ole Henrik Uri, som driv hotellet i Valldal sentrum saman med ektefellen sin, presenterte hotellet for Kongeparet.

Under vitjinga i Valldal fekk Kongen og Dronninga òg helse på fire personar i kommunen som har fått Kongens fortenestmedalje – Astor Furseth,  Dagny Lovise Eide, Kristian Almås og Nikkoline Myren Grønning. 

Kongeparet helsar på Nikkoline "Nikka" Myren Grøning på 105 år. Tidlegare i år fekk ho Kongens fortenstemedalje for innsatsen sin for å ta vare på og formidle tradisjonsmat og lokal matkultur. I 2021 fekk ho ein sving i Trollstigvegen oppkalla etter seg. Foto: Lise Åserud / NTB 

No går turen vidare til Sykkylven, der Kongeskipet er venta klokka 16.00. 

Kongeparet vinkar farvel til Valldal. Foto: Det kongelege hoffet

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook