Hopp til hovedinnhold

Skaparkraft og innovasjon på Sunnmøre

– I desse urolege tidene treng vi det sunnmørske pågangsmotet, handlekrafta og optimismen, sa Hans Majestet Kongen da han talte i Sykkylven i ettermiddag. Kongeparet er på fylkestur i Møre og Romsdal.

30.08.2022

Etter ein flott føremiddag i Fjord kommune gjekk Kongeskipet inn fjorden til Sykkylven i hjartet av Sunnmørsalpane. Kong Harald og Dronning Sonja vart frakta i sjalupp det siste stykket inn til Sykkylven småbåthamn, der skulekorps og blomsterbarn venta spent.

Kongen og Dronninga fekk blomster av Martine Nordstrand Brungot og Viljar Hajic Winsrygg da dei kom til Sykkylven. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet.

I møbelhovudstaden Sykkylven

Det var rigga opp utescene i Kyrkjeparken i sentrum – ved Auremarka, der det er gjort funn av buplassar med fleire større hus frå jern- og bronsealder. I tillegg til eit historisk tilbakeblikk fekk Kongeparet oppleve lokal humor av bygdeoriginalen og komikaren Bertram og eit møte med møbelhovudstaden Sykkylven.

Kommunen har eit framgangsrikt næringsliv – blant anna med ein møbelindustri som eksporterer til heile verda. På det meste var det om lag 120 møbelprodusentar i kommunen.

– Da Dronninga og eg kom seglande inn mot Sykkylven i ettermiddag, var det som om skuldrene senka seg litt. For det er ikkje ofte vi kjem til ein stad der nokre av dei største lokale kjendisane heiter Stressless, Siesta og Svane. Da såg i alle fall eg – eg har ikkje spurt Dronninga – fram til eit relativt avslappa kommunebesøk etter min smak, sa Kong Harald i talen – til smil og latter frå dei mange frammøtte.

Kong Harald taler i Sykkylven. Foto: Lise Åserud, NTB

Samtidig er ikkje sunnmøringar mest kjende for å vere veldig bedageleg anlagde, sa Kongen og løfta fram skaparkrafta og innovasjonsevna som Sykkylven er kjend for.

– Her er det arbeidsplassar, men òg mykje kultur. Skaparkrafta er sterk innanfor kor, korps og idrett – og alle dei andre laga og foreiningane som finst, sa Kong Harald.

Les Kongens tale her

Avansert strikketeknologi 

Musikalske bidrag frå Sykkylven Janitsjarorkester SJORK, Fauske-gutane, tubaisten Helene Velle Ødegård, elevar frå kulturskulen og Sykkylven konsertkor gav programmet ei høgtideleg og vakker ramme. SJORK og konsertkoret avslutta med Kongesongen. 

Kongeparet fekk og oppleve lokal humor med komikaren Bertram (Geir Kvalvaag). Foto: Lise Åserud /NTB

I forkant av programmet frå scenen besøkte Kongeparet tre buer i Kyrkjeparken. Tre framifrå kunstnarar i det offentlege rommet fekk presentere seg: tekstilkunstnar Marit Helene Akslen, metallkunstnar Kjell Gunnar Øverøye og fotokunstnar Geir M. Brungot.

Kong Harald og Dronning Sonja fekk òg kvar sin 3D-strikka genser i gåve frå Lars Einar Riksheim i Amatec. Hovudkontoret til Amatec ligg i Sykkylven, og selskapet er Noregs største leverandør av maskiner og utstyr til den saumbaserte industrien. 

Før avreise frå Sykkylven småbåthamn møtte Kongeparet pressa og delte inntrykk og opplevingar frå dagen.

I morgon går turen vidare til kommunane Vanylven og Sande. 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook