Hopp til hovedinnhold

– Det er så vakkert overalt

På den andre dagen på fylkesturen vitja Kongeparet Vanylven og Sande i strålande vêr. Dei snakka begeistra om den unike naturen på Sunnmøre.

31.08.2022

– Det å reise på fylkestur med Kongeskipet i Møre og Romsdal er ei påkjenning for kropp og sjel, sa Hans Majestet Kong Harald da han talte i Sande i ettermiddag.

– Vi ser og vi ser, vi okkar og oiar oss, og vi snur oss heile tida. For det er så vakkert overalt at ein nesten får kink i nakken.

Kong Harald og Dronning Sonja kjem til Vanylven. Foto: Erik Birkeland/TINGH

Hennar Majestet Dronning Sonja sa i sin tale tidlegare på dagen at ho har tallause gode minne frå vandringar på Sunnmøre.

Vanylven – rike på olivin og edelsteinen peridot 

Dag to av fylkesturen starta i Åheim i Vanylven kommune. I 1979 – for 43 år sidan – var Kongen og Dronninga i Åheim, som kronprinspar, og beit seg merke i ein spesiell ting under besøket.

– Eg hugsar godt at eg vart gjort merksam på Vanylvens kjende mineral – olivinsteinen – som blir forvandla til dei vakraste, grøne peridotsmykke, sa Dronning Sonja og kunne fortelje at ho ber peridotsmykket ho fekk til 75-årsdagen, med glede.

Les Dronninga sin tale her

Gjensyn med orkanoffer

Kong Harald har sterke minne frå Vanylven da han besøkte Rovde etter nyttårsorkanen I 1992. Dronninga løfta fram hendinga i talen sin.

– Møta med dei ramma 8. januar det året sette spor hos mannen min — og i oss alle saman. Biletet av Kongen i gammal, sliten boblejakke og slagstøvlar i dei fordreidde restane etter orkanen har bite seg fast i minnet. Det må ha vore eit sjokk for alle dei som opplevde herjingane til orkanen, sa Dronning Sonja.

Fleire av dei Kongen møtte den gongen, var til stades under besøket til Kongeparet.

På fotballbanen framfor Olivinhallen hadde kommunen førebudd eit kulturprogram med «Merkesteinane», eit stort barnekor, leikarring og korps. Maria Parr, den kjende barnebokforfattaren frå Vanylven, las eit utdrag frå boka «Tonje Glimmerdal» – den tøffe jenta som lever etter mottoet «fart og sjølvtillit».

Innbyggarar frå Vanylven på plass ved Olivinhallen. På første rad sat spesielt inviterte gjestar, som her gardbrukar Eldar Lade, forfattar Maria Parr og Svein Johan Bøstrand, pådrivar for samtlege Monsiadar (idrettsleikar for psykisk utviklingshemma og rørslehemma) - heile 25 år i talet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Verdas første skipstunnel 

Kongeparet helsa òg på tre sentrale skikkelsar i bygda – forfattar og småbrukar Hilde Myklebust, gründer Paul Sindre Vedeld og Jan Helgøy, som blir kalla «Mr. Stad-skipstunnel». Den tidlegare ordføraren i kommunen har vore ein viktig pådrivar for det framtidige naboskapet med tunnelen, som er planlagd ferdigstilt i 2026.

Stad skipstunnel blir verdas første i sitt slag. Tunnelen vil redusere risikoen for skipsulykker, redusere ventetida for skipsfart og leggje til rette for meir sjøtransport av gods.

Sankt Jetmund-kyrkja

Kongeparet fekk eit gjensyn med Sankt Jetmund-kyrkja, som dei først vitja i 1979.

Gjensyn med Sankt Jetmund-kirken på Åheim. Foto: Lise Åserud / NTB

Innanfor murane til den vesle langkyrkja frå 1155 vart dei presenterte for historia om kyrkja av Jetmund Rekkedal. Organist Bert Handrick spelte «Tiento de falsas de Secondo tono» av Pablo Bruna. Dette er frå spansk tidlegbarokk med referansar til mellomaldermelodikk – vel eigna i ei mellomalderkyrkje.

Tid for avreise frå Åheim og Vanylven. Ferda går vidare mot Sande kommune. Foto: Erik Birkeland/TINGH

Vidare til Larsnes i Sande 

Kongeskipet «Norge» er base for Kongeparet under fylkesturen. I ettermiddag var «Norge» framme ved neste kommune på reisa – Sande. Like før klokka 16.00 gjekk Kong Harald og Dronning Sonja over i kongesjaluppen, som førte dei det siste stykket inn til land. På Larsneskaia venta ordførar, politimeister og blomsterbarna Johannes Sætre og Tiril Mundal (begge 5 år).

Kongeparet møter blomsterbarna Johannes Sætre og Tiril Mundal. Foto: Lise Åserud / NTB

– Dronninga og eg er svært glade for endeleg å vere her i Sande kommune – for aller første gong, sa Kongen da han talte i ettermiddag.

Sande er ein av få kommunar i fylket med meir enn 100 prosent arbeidsplassdekning. Bedriftene er i stor grad tilknytte den maritime næringa.

– Naturen er til glede, men i aller høgaste grad òg til gagn. De er jo så heldige å bu rett ved matfatet, ut mot storhavet.

– At ein kommune som ikkje er verdas største, har så mange arbeidsplassar – og med ein svært internasjonal arbeidsstokk – er imponerande, sa Kongen.

Les Kongen sin tale her 

Sande inviterte Kongeparet på taler, humør, sang og musikk på Rønnebergplassen i Larsnes. Foto: Lise Åserud / NTB

På Rønnebergplassen sentralt i administrasjonssenteret Larsnes inviterte kommunen til song, musikk, talar, presentasjon av prosjektet «Livsgledeheim» og utdrag frå «Spelet om kong Arthur». På Kongsvollen på Sandsøya blir det humoristiske og historiske spelet oppført nesten kvart år, med berre amatørar og lokale krefter.

– At britisk historie, med Arthur-legenda, er så aktuell som ho er her – vitnar om eit samfunn med kreativitet, overskot og stor dugnadsånd, sa Kongen.

På Rønnebergplassen fekk Kongeparet sjå utdrag fra «Spelet om kong Arthur». Foto: Erik Birkeland / TINGH

Middagsshow

I kveld inviterer dei fem kommunane på fylkesturen til middagsshowet «Feel Royal» på landsbyhuset Breidablikk i Sande. Det blir ein spesiell variant av det populære middagsshowet «Feel it», som har vore produsert på Larsnes sidan 2012. Kvar haust blir showet køyrt i gang med nytt repertoar og ny meny. Dette er eit samarbeidsarrangement med stor innsatsvilje frå lokalmiljøet.

I morgon blir fylkesturen avslutta i Hareid og ei mottaking om bord på Kongeskipet «Norge». 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook