På Den Magiske Fabrikken
Hos Vesar og Den Magiske Fabrikken i Sem blir matavfall omdanna til ny mat og klimavennleg drivstoff. Her går ingenting til spille. I dag fekk Den Høgvørde Kronprinsen sjå sirkulær økonomi i praksis.
Vesar er avfallsselskapet i Vestfold og står bak kunnskaps- og opplevingssenteret spesielt retta mot barn og unge. Her får elevar på 6. og 9. trinn undervisning i kjeldesortering, berekraft, fornybar energi og ei meir miljøvennleg åtferd. Målet er å lære opp og inspirere barn og unge – som igjen kan påverke foreldra sine og andre vaksne i ei grønare retning.
Frå avfall til energi
Kronprins Haakon fekk ei omvising i biogassanlegget der matavfall frå 1,2 millionar innbyggjarar blir attvunne til klimavennleg biogass, biogjødsel og grøn CO2. Kronprinsen følgde prosessen og fekk sjølv høve til å styre kloa som fordeler matavfallet inne i anlegget.
Elevar og formidlarar dreiv fotosynteseforsøk på laboratoriet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Kronprinsen fekk òg møte elevar frå Kongseik ungdomsskole som var på besøk i kunnskapssenteret. På laboratoriet gjennomførte dei fotosynteseforsøk saman med lærarstudentar som fungerte som formidlarar. Formidlarane fortalde Kronprinsen og andre gjester om arbeidet dei gjer ved senteret, og kva dei tek med seg vidare inn i arbeidet når dei går ut som lærarar.
Sirkulære klimatomatar
Rett ved anlegget ligg drivhus der gjødsel og CO2 frå biogassanlegget går inn produksjonen av "klimatomatar". Her fekk Kronprins Haakon høyre korleis dyrkinga av "sirkulære tomatar" går føre seg – gjennom heile kretsløpet frå matavfall til ny mat.
Produksjonen er stor nok til at klimatomatar kan seljast i utvalde butikkar. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Besøket vart avslutta med ein lunsj med lokale råvarer laga og serverte av elevar ved mat- og restaurantfag frå Greveskogen videregående skole i Tønsberg.
Elevar ved mat- og restaurantfag frå Greveskogen videregående skole laga og serverte lunsj av lokale råvarer. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker

Natur og utdanning i Sogndal
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen fortsetter sin fylkestur til Vestland i dag, til kommunene Sogndal og Høyanger. I Sogndal var utdanning fra barnehage til doktorgrad et sentralt tema.

Innledet fylkestur i Aurland og Lærdal
I dag innledet Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen årets fylkestur, som går til Sogn i Vestland. Den spektakulære Flåmsbana tok Kronprins Haakon gjennom Aurland - den første kommunen på turen.