Nansen minneførelesing
Hans Majestet Kong Harald var til stades da professor Maja Janmyr heldt føredrag om Nansen-passet og flyktningsituasjonen i Europa – da og no.
Arrangementet fann stad i Det Norske Videnskaps-Akademi i går kveld og inngår i dei tradisjonsrike Nansen minneførelesingane.
Framleis aktuell
– Fridtjof Nansens innsats for flyktningar for 100 år sidan pregar framleis det folkerettslege rammeverket for vern av flyktningar. Tankane hans om ansvarsfordeling for vern av flyktningar og behovet for kreative løysingar – slik som Nansen-passet – er framleis viktige utgangspunkt, sa preses Lise Øvreås i Det Norske Videnskaps-Akademi da ho ønskte Kong Harald velkommen til minneførelesinga.
Situasjonen i Ukraina og verda elles set søkjelys på veikskapar og styrkar ved den internasjonale flyktningretten, sa preses Lise Øvreås. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Internasjonal flyktningrett
Maja Janmyr er professor i internasjonal migrasjonsrett ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Forskinga hennar fokuserer særleg på rettane og levekåra til flyktningar i Midtausten og på FNs flyktningkonvensjon i land som ikkje har ratifisert denne konvensjonen.
Maja Janmyr er professor i internasjonal migrasjonsrett. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
I føredraget gjorde professor Janmyr greie for korleis Fridtjof Nansen pregar flyktningretten i dag.
Storsamfunnet står overfor fleire utfordringar. Er det forsvarleg at den internasjonale flyktningretten gjev flyktningar særlege krav på internasjonal støtte, og kva er ei rettferdig ansvarsfordeling statar imellom, spurde Maja Janmyr i føredraget sitt.
– Vi argumenterer for at flyktningar har ein viss forrang. Situasjonen deira kjem dels av systemet vårt av suverene statar, som tillèt at statar forfølgjer eigne borgarar. Det inneber både at flyktningstraumen vil fortsetje i framtida, og at alle statar må dele på ansvaret for å vareta dei, sa professoren.
Aktuelle saker
Statsbesøk fra Finland
Deres Majesteter Kong Harald og Dronning Sonja kunne ønske Finlands presidentpar, Hans Eksellense herr Alexander Stubb og fru Suzanne Innes-Stubb, velkommen til Norge i formiddag.
Dronninga på Tekstilsymposium i Skien
Hennar Majestet Dronning Sonja møtte unge og vaksne som brenn for tradisjonshandverk på Norges Husflidslag sitt Tekstilsymposium i helga.