Kronprinsen besøkte Nasjonal sikkerheitsmyndigheit
Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkte for første gong Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) i Oslo sentrum i dag.
Kronprinsen vart ønskt velkommen av direktør Sofie Nystrøm, og besøket varte i tre timar.
Kronprins Haakon kjem til Havnelageret og NSM i Oslo. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
NSM er Noregs direktorat for førebyggjande nasjonal sikkerheit. Direktoratet gjev råd om og gjennomfører tilsyn og andre kontrollaktiviteter på sivil og militær side, knytt til sikring av informasjon, system, objekt og infrastruktur av nasjonal betydning.
Nasjonal sikkerheitsmyndigheit har òg eit nasjonalt ansvar for å avdekkje, varsle og koordinere handteringa av alvorlege IKT-angrep.
Direktoratet er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Aktuelle saker

Natur og utdanning i Sogndal
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen fortsetter sin fylkestur til Vestland i dag, til kommunene Sogndal og Høyanger. I Sogndal var utdanning fra barnehage til doktorgrad et sentralt tema.

Innledet fylkestur i Aurland og Lærdal
I dag innledet Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen årets fylkestur, som går til Sogn i Vestland. Den spektakulære Flåmsbana tok Kronprins Haakon gjennom Aurland - den første kommunen på turen.