Orienterte om kunstprosjekt
Det Høgvørde Kronprinsen tok imot skodespelar Sara Wilhelmsen og biletkunstnar Liv Dysthe Sønderland i audiens i dag. Dei gav Kronprinsen ei orientering om kunstprosjektet "Du visker meg ikke ut".
Prosjektet tematiserer assimileringspolitikken overfor romanifolket. Wilhelmsen og Sønderland teiknar opp omrissa av eit av husa på Svanviken arbeidskoloni. Kolonien låg på Eide i Romsdal og var ein av dei mest sentrale åstadene for den hardhendte politikken.
– Vi bruker planteikninga som eit symbol på politikken. Dei fire veggene skulle halde "taterane" på plass, og slik skulle nomadekulturen avviklast. Kritfargen som vi bruker, regnar bort etter to–tre regnskol, og vi gjentek handlinga gjennom ulike årstider og vêrforhold som ei insistering på at historia ikkje må gløymast, seier dei to i ei pressemelding.
Sønderland har arbeidd med historia om Svanviken sidan 2019. Sara Wilhelmsen, som sjølv er romani, vart ho kjend med da i ho i arbeidet med verket "Going Grey" kontakta fleire med taterbakgrunn for å forankre forståinga si av historia hos romanifolket sjølv.
Aktuelle saker

Natur og utdanning i Sogndal
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen fortsetter sin fylkestur til Vestland i dag, til kommunene Sogndal og Høyanger. I Sogndal var utdanning fra barnehage til doktorgrad et sentralt tema.

Innledet fylkestur i Aurland og Lærdal
I dag innledet Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen årets fylkestur, som går til Sogn i Vestland. Den spektakulære Flåmsbana tok Kronprins Haakon gjennom Aurland - den første kommunen på turen.