Hopp til hovedinnhold

Minte dei falne

Den Høgvørde Kronprinsen la i dag ned krans ved det nasjonale veteranmonumentet på Akershus festning. Seremonien inngår i markeringa av Forsvarets Minnedag som finn stad første søndag i november.

06.11.2022

Både stortingspresident Masud Gharahkhani og forsvarsminister Bjørn Arild Gram var til stades ved minnemarkeringa. Saman med forsvarssjefen, general Eirik Kristoffersen, tok dei imot Kronprins Haakon på Akershus.

Tradisjonen tru heldt forsvarssjefen minnetalen, før Kronprinsen vart beden om å leggje ned krans ved monumentet. Flankert av to gardistar frå Hans Majestet Kongens Garde la Kronprinsen ned kransen, retta på banda og gjorde honnør mens bønnesignalet lydde over festningen.

Kronprins Haakon la ned krans på Akershus festning til minne om alle som har mista livet i teneste for Forsvaret. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Etter kransnedlegginga stansa Kronprins Haakon ved minnetavla der namna til dei som har mista livet i internasjonale operasjonar, står inngraverte. Dei falne vart minte med eit stille minutt.

Nasjonalt veteranmonument vart avduka av Hans Majestet Kongen i august 2021 og heidrar alt personell som har tenestegjort i internasjonale operasjonar etter 1945. Monumentet består av en bauta av stein, ei bronsetavle med namna på dei falne og den evige flammen forma som ein fakkel. På bautaen er verselinja "også vi når det blir krevet" frå Ja, vi elsker inngravert.

Ved minnetavla over falne i internasjonale operasjonar vart dei minte med eit stille minutt. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Det er 15 år sidan regjeringa innførte Forsvarets Minnedag for å heidre og minnast alle som har mista livet i teneste for Forsvarets i og utanfor Noreg. Hovudarrangementet finn stad på Akershus festning i Oslo, men dagen blir òg markert med arrangement ved avdelingar andre stader i Noreg og utlandet.

Etter seremonien på Festningsplassen deltok Kronprinsen ved minnegudstenesta i Akershus slottskyrkje, der feltprest, brigader Knut Espen Høidal, var forrettande prest. Under gudstenesta heldt statsråd Gram minnetalen. Kronprins Haakon tente Forsvarets minnelys – følgt av eit stille minutt.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook