Hopp til hovedinnhold

Ver budd!

– Eg er sikker på at dersom verda bestod av fleire speidarar, hadde verda vore ein betre stad, sa Den Høgvørde Kronprinsessa da ho opna Speidartinget og delte ut pris.

11.11.2022

«Flammen» er Noregs speidarforbunds splitter nye utmerking til aktive roverar og unge leiarar som har vist eit brennande engasjement og har gjort ein stor innsats for speidarsaka. Utmerkinga skal vere ei anerkjenning og ein motivasjon til å fortsetje å gjere ein positiv forskjell. Kronprinsess Mette-Marit delte ut den nye utmerkinga til fem roverar:

Trond Anders Nordby, 23 år, frå Hønefoss speidargruppe
Marthe Elisabeth Bang Hellum, 21 år, frå Charlottenlund speidargruppe
Tordis Drivenes, 21 år, frå 1. Vennesla speidargruppe
Hanne Kristine Lybekk, 24 år, frå 1. Sandsvær speidargruppe
Regine Skogmo Grøtte, 22 år, frå 1. Sandsvær speidargruppe

Stolte prisvinnarar. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet

Speidartinget samlar kvart andre år speidarar frå heile landet for å behandle saker, leggje planar og vedta lover. I år er dei samla på Lillestrøm.

Kronprinsessa vart motteken av lokale speidarar. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet

Utanfor møtelokalet vart Kronprinsessa motteken av lokale speidarar frå Lillestrøm-området. Dei hadde teke på seg speidartøyet og kunne fortelje Kronprinsessa at dei gledde seg til helg, for da skulle dei ut på tur. 

Kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for Noregs speidarforbund.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook