Hopp til hovedinnhold

Kenyas vern av mangroveskog

Mangrovar har stor kapasitet til å lagre karbon, og bevaring av mangroveskog er eit viktig bidrag i klimakampen. Dei Høgvørde Kongelege Kronprins Haakon og Kronprinsesse Victoria besøkte eit unikt mangroveprosjekt heilt sør i Kenya i dag.

23.11.2022

Kenya har forplikta seg til vern av mangroveskog som ein del av sitt bidrag under Parisavtalen for at verda skal nå klimamåla. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Victoria reiste i dag til det sørlegaste distriktet i Kenya, Kwale. Der vekkjer prosjektet Mikoko Pamoja (swahili for «Mangrove saman») oppsikt.

Mikoko Pamoja

Mikoko Pamoja er eit prosjekt for bevaring og nyplanting av mangroveskog. Landsbyane Gazi og Makongeni er sterkt engasjerte i prosjektet, som òg har store positive konsekvensar for lokalbefolkninga. Evna mangrovane har til å lagre karbon, blir omsett til klimakvotar som blir selde via den svenske organisasjonen ZeroMission. Inntektene blir brukte til å finansiere planting av fleire tre – og til beste for innbyggjarane i landsbyane i form av prosjekt for betre tilgang på reint vatn og investering i lærebøker og skulegang.

På synfaring i mangroveskogane ved Gazi. Her blir det planta om lag 2000 nye mangroveskot kvart år. Foto: Lise Åserud / NTB

Mangroveskogane er ein viktig del av økosystemet og bidreg til biologisk mangfald. Dei lokale fiskarane merkar dei positive effektane av mangrovane på fangsten dei får, samtidig som prosjektet kan gje sysselsetjing innan planting og vern og dessutan innan økoturisme.

Eit meir inkluderande styre

I 2010 vedtok Kenya ei grunnlov anerkjend som svært progressiv på område som demokrati, lokal deltaking og kvinnerettar. Dei oppretta 47 sjølvstyrte distrikt som eit ledd i arbeidet for eit meir desentralisert, rettferdig og inkluderande styresett.

I dag besøkte Kronprins Haakon og Kronprinsesse Victoria distriktet Kwale heilt sør i landet. Der vart dei ønskte velkommen av guvernør Fatuma Achani – ein av sju kvinnelege guvernørar i Kenya og den første i Kwale.

Guvenør Fatuma Achani ønskjer Kronprinsesse Victoria og Kronprins Haakon velkommen til Quale. Foto: Lise Åserud / NTB  

Dei kongelege gjestene fekk høyre om arbeidet som blir gjort på område som helse og utdanning, reint vatn og mattryggleik. Lokale styresmakter prioriterer viktige samfunnstenester som særleg kjem fattige og sårbare delar av befolkninga til gode.

FNs utviklingsprogram samarbeider med kenyanske styresmakter om å utvikle lokalt demokrati og spreie kunnskap og medvit om kor viktig dette er for berekraftig utvikling og tryggleik.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Victoria møtte Fatuma Achani, guvernøren i distriktet Kwale. Foto: Lise Åserud / NTB

Offisiell middag

I kveld deltek Kronprins Haakon og Kronprinsesse Victoria på ein offisiell middag i regi av FNs utviklingsprogram, UNDP. Det blir fleire innlegg under arrangementet, der Kenyas bidrag til berekraftsmåla og innsatsen i klimakampen står sentralt. I morgon står næringslivssamarbeid og innovasjon på programmet i Nairobi.

 

Fakta

FNs 17 bærekraftsmål

  1. Utrydde alle former for fattigdom i hele verden
  2. Utrydde sult, oppnå matsikkerhet og bedre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk
  3. Sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder
  4. Sikre inkluderende, rettferdig og god utdanning og fremme muligheter for livslang læring for alle
  5. Oppnå likestilling og styrke jenters og kvinners stilling
  6. Sikre bærekraftig vannforvaltning og tilgang til vann og gode sanitærforhold for alle
  7. Sikre tilgang til pålitelig, bærekraftig og moderne energi til en overkommelig pris
  8. Fremme varig, inkluderende og bærekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle
  9. Bygge robust infrastruktur, fremme inkluderende og bærekraftig industrialisering og bidra til innovasjon
  10. Redusere ulikhet i og mellom land
  11. Gjøre byer og bosettinger inkluderende, trygge, motstandsdyktige og bærekraftige
  12. Sikre bærekraftige forbruks- og produksjonsmønstre
  13. Handle umiddelbart for å bekjempe klimaendringene og konsekvensene av dem*
  14. Bevare og bruke hav og marine ressurser på en måte som fremmer bærekraftig utvikling
  15. Beskytte, gjenopprette og fremme bærekraftig bruk av økosystemer, sikre bærekraftig skogforvaltning, bekjempe ørkenspredning, stanse og reversere landforringelse samt stanse tap av artsmangfold
  16. Fremme fredelige og inkluderende samfunn for bærekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og bygge velfungerende, ansvarlige og inkluderende institusjoner på alle nivåer
  17. Styrke gjennomføringsmidlene og fornye globale partnerskap for bærekraftig utvikling


Kilde: Utenriksdepartementet

 

Kronprins Haakon i Mesetas. Foto: FN-sambandet / Eivind Oskarson

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook