Hopp til hovedinnhold

Markerte frivilligdagen

Den Høgvørde Kronprinsen var i kveld til stades ved markeringa av den internasjonale Frivilligdagen på Sentralen i Oslo. Under markeringa vart det delt ut fleire prisar til personar som har vigd mykje av tida si til frivillig arbeid.

05.12.2022

– For tre veker sidan hadde Kronprinsessa og eg gjestebod heime på Skaugum for å feire frivilligheita – i samarbeid med Frivilligheit Noreg. 55 gjester frå heile landet – frå 19 til 91 år. Ingen av oss hadde lyst til å avslutte kvelden, vi ville berre at alle skulle bli lengst mogleg, for det var så utruleg hyggeleg. Etterpå sat vi igjen med ei stor takksemd. Takksemd overfor kvar og ein frivillig – og for at det bur så utruleg mykje bra folk over heile landet vårt. Dessutan vart det enda tydelegare for oss kor breitt frivilligheita famnar. At den rører ved alle delar av livet, sa Kronprins Haakon i talen sin ved markeringa av Frivilligdagen i Oslo i kveld.

Kronprinsen la i talen sin vekt på det viktige arbeidet dei frivillige utfører kvar dag. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Statsråd Anette Trettebergstuen stod for overrekkinga av årets frivilligpris til Hasnain Asghar frå Lif Laga i Oslo, mens årets nykommar Hunter Bjerkeli frå Flekkefjord fekk sin pris overrekt av stortingspresident Masud Gharahkhani. Statsråd Ingvild Kjerkol delte ut helseprisen til Prosjekt Tegnspråklig vernepleierutdanning, Døveforbundet. Sømna kommune vant årets kommunepris, som vart overrekt av statsråd Trettebergstuen.

Artisten Erlend Ropstad stod for dei kulturelle innslaga under markeringa på Sentralen.

– Eitt år har gått sidan vi markerte starten på Frivilligåret 2022. Inntrykket mitt er at alle dei som har jobba med å organisere dette året, har lykkast i å setje frivilligheita enda høgare på den nasjonale agendaen. At dei har bidrege til å forsterke alt det gode som alt blir gjort, og som fortener ekstra løft. Dette arbeidet håpar eg frivilligheita skal nyte godt av i lang tid – sånn at 2023 òg blir eit Frivilligår, heldt Kronprinsen fram.

Vinnarane Hasnain Asghar, Sømna kommune og Hunter Bjerkeli saman med Kronprins Haakon. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Avgjerande innsats

Kronprinsen trur det er heilt avgjerande å gjere ein aktiv innsats for å styrkje det vi er for, det vi ønskjer skal ha ein viktig plass i samfunnet vårt. 

– Tek vi gode for gjeve og trur slikt blir drive meir eller mindre av seg sjølv, kan vi miste det utan at vi heilt ser at det skjer. Og da kan det vere veldig tungt å byggje opp att. Det er lettare å bevare enn å reparere. Men da må vi vite kva vi har, erkjenne verdien av det og aktivt gå inn for å styrkje og beskytte det. Frivilligheita er nettopp ein sånn verdi, ein sånn ressurs, sa Kronprins Haakon.

– Eg veit at aktiviteten ikkje har teke seg heilt opp att etter pandemien. Så eg håpar at enda fleire vil finne noko som passar for akkurat dei. For jo fleire som deler på oppgåvene, jo betre blir det for kvar og ein. Dessutan treng vi stadig nye, unge krefter som er villige til å ta over stafettpinnen frå dei som har stått i frivilligheita eit heilt vaksenliv. Og heldigvis har vi mange unge som bidreg – ved sida av alt anna dei er opptekne med som skuleelevar og studentar. Det er eg skikkeleg imponert over!

Kronprins Haakon var oppteken av at vi skal ha respekt og forståing for at det til tider kan breie seg ein slitasje hos frivillige. 

– Alle som jobbar i dette feltet, veit at det å følgje opp frivillige også er ei viktig oppgåve. Frivillige treng både oppmuntring, takk og fagleg støtte for å oppleve at det er verdt tida og innsatsen deira.

Takka

Kronprinsen avslutta med å takke alle frivillige over heile landet som bidreg til å gjere kvardagen litt betre for folk. Som bidreg til å gjere nærmiljøet sitt enda litt hyggelegare. Alle som bidreg til å gjere Noreg litt betre. Kvar dag.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook