Hopp til hovedinnhold

På klimafestival i Bergen

Klimautfordringane og berekraftig matproduksjon var sentrale tema da Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkte Bergen onsdag.  

16.03.2023

Under turen til Bergen var Kronprinsen på besøk hos Bjerknessenteret for klimaforsking og matforskingsinstituttet Nofima og til stades under opninga av klimafestivalen Varmere Våtere Villere.

Klimafestivalen Varmere Våtere Villere arrangerer denne veka panelsamtalar, føredrag og diskusjonar med ønske om å gjere klimadebatten meir tilgjengeleg og engasjerande. Målet er å skape ein uformell og sosial arena der alt frå studentar, næringslivstoppar, politikarar og gründerar møtest for å dele kunnskap, meiningar og idear om klimautfordringane.

Onsdag ettermiddag var det duka for offisiell opning av årets festival på Kulturhuset i Bergen. Under arrangementet vart prisen Varmere Våtere Villere delt ut. Prisen skal heidre personar som bidreg til den offentlege samtalen om klimakrisa og korleis vi løyser henne.

Kronprinsen overrekte prisen til Anja Bakken Riise, leiar for Framtiden i våre hender. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Vinnar av årets pris er leiar for Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise. Frå scenen overrekte Kronprinsen prisen før prisvinnaren heldt tale for publikum. Der trekte ho blant anna fram kor viktig det er å organisere seg, og kor mykje engasjementet frå enkeltmenneske kan bety for å få på plass store strukturelle endringar. Pengegåva ho fekk saman med prisen, gav ho vidare til Natur og Ungdom. 

Gjensyn med klimaforskarar

Tidlegare på dagen besøkte Kronprinsen Bjerknessenteret for klimaforsking. Bjerknessenteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE, Nansensenteret og Havforskingsinstituttet der det blir forska på klimasystemet på jorda, i notid, fortid og framtid. Direktør Kikki Kleiven ønskte velkommen til senteret.

Da Kronprinsen i mai 2022 besøkte forskingsstasjonen EastGrip høgt oppe på grønlandsisen, møtte han blant andre forskarane Kerim Nisancioglu og Hans Christian Steen-Larsen, som saman med eit internasjonalt forskarteam har bora seg djupt ned gjennom den rundt 2500 meter tjukke isen.

Forskar Kerim Nisancioglu er tilknytt Bjerknessenteret og var òg på forskingsstasjonen EastGrip under Kronprinsens besøk i 2022. Under besøket til Bjerknessenteret fortalde han blant anna om det vidare forskingsarbeidet som blir gjort på Grønland. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Iskjernane som blir henta opp, inneheld eit klimaarkiv som består av nedbør og luftbobler frå så langt tilbake i tid som 100 000 år. Nisancioglu og Steen-Larsen er begge tilknytte Bjerknessenteret, og under besøket til Bergen møtte Kronprinsen igjen dei to forskarane, i tillegg til ph.d.-studentane Karita Karjanto og Laura Dietrich, som òg forskar på ulike sider av den store iskappa på Grønland.

På Bjerknessenteret fekk han vere med til eit avansert isotoplaboratorium der snøprøvene Kronprinsen var med på å hente inn under turen over grøndlandsisen i fjor, blir analyserte. Hans Christian Steen-Larsen viste Kronprinsen prosessen med å analysere snøprøvene henta ut under grønlandsturen.

I laboratoriet analyserte Kronprinsen, saman med forskar Hans Christian Steen-Larsen, isprøvene som vart henta ut under kryssinga av grønlandsisen i mai i fjor. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Forskar på berekraftige råvarer til oppdrettsfôr

På Nofimas kontor i Bergen møtte Kronprinsen tilsette som forskar på høgverdig utnytting av restråstoff frå marine artar. Det vart òg presentert resultat frå eit stort EU-prosjekt Nofima har leia, og i lunsjen vart det servert proteinopprika mat frå restråstoff.

Nofima er Noregs matforskingsinstitutt, med 390 tilsette fordelte på kontor i Bergen, Sunndalsøra, Stavanger, Ås og Tromsø. Forskinga skal bidra til meir berekraftig matproduksjon.

Kronprinsen blir vist rundt i prosesshallen hos Nofima. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Vidare fekk Kronprinsen sjå korleis eit avansert laboratorium blir brukt for å ta fram nye innovasjonar. Forskarane ved Nofima fortalde om korleis dei forskar på nye berekraftige råvarer til oppdrettsfôr. Saman med Universitetet i Bergen og NORCE har dei etablert Aquafeed Technology Centre – og i samarbeid med fôrprodusentane utviklar dei no fôr basert på nye råvarer, for eksempel sirissar, soldatlarvefluger og algar.

I prosessshallen til Nofima fekk Kronprinsen blant anna sjå kva ein laks har ete frå klekking til slakt, og høyre meir om Noregs ambisjon om berekraftig fôr til fisk og landdyr innan 2030.

Kva et ein laks, og kor mykje? Kronprinsen fekk sjå kva ein laks har ete frå klekking til slakt, og dette vart sett inn i ein global samanheng. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook