Hopp til hovedinnhold

Kultur og tradisjon i Telemark

Denne sommaren fyller både Kronprinsen og Kronprinsessa 50 år. Det markerer dei gjennom fem reiser med ulike tema til ulike delar av landet. Slik vil Kronprinsparet løfte fram noko av det dei set størst pris på i Noreg.

28.03.2023

I dag besøkte Den Høgvørde Kronprins Haakon og Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit Rauland Vinje kommune i Telemark. I morgon gå turen til Agder, nærare bestemt Hovden og Bykle i Setesdal.

Besøk til USN og Raulandsakademiet

Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og Raulandsakademiet er ein av dei viktigaste akademiske institusjonane i landet innan tradisjonskunst og folkemusikk. Her blir kulturarven teken vare på og utvikla. USN tilbyr både årsstudium, bachelor og mastergrad innan tradisjonsfag, og det er om lag 150 studentar.

Kronprinsparet fekk høyre om verksemda ved studiestaden og sjå noko av handverket som var på utstilling i foajeen.

I verkstadene

Kronprinsparet besøkte fleire av verkstadene på Rauland. Her var elevar i full aktivitet, og Kronprinsen og Kronprinsessa fekk prøve seg på nokre av oppgåvene i praksis.

I metallverkstaden demonstrerte Linn Sigrid Brattland korleis dei lagar smykke, og i treverkstaden kunne dei sjå korleis blant anna instrument til tradisjonsrik folkemusikk blir til. Kronprinsen og Kronprinsessa fekk prøve seg på å file og høvle til nokre av emna.

I treverkstaden blir blant anna musikkinstrument til. Foto: Lise Åserud, NTB

Kronprinsesse Mette-Marit er sjølv ein aktiv vevar og har delteke på kurs ved Raulandsakademiet tidlegare. Dermed var ikkje Kronprinsessa vond å be når det vart sjanse for å prøve seg på veving i tekstilverkstaden. Ane Brandt Sandholt viste kronprinsessa korleis ein kan buke ein gaffel som hjelpemiddel. Det vart meir lattermildt da Kronprins Haakon òg ville prøve seg.

Ane Brandt Sandholt viser Kronprinsessa ein veveteknikk der ein bruker ein gaffel som hjelpemiddel. Foto: Lise Åserud, NTB

Kronprins Haakon prøver seg i vevstolen. Foto: Lise Åserud, NTB.

Besøket vart runda av med ei oppvising i song og dans i Vinjesalen, og dessutan ein kopp kaffi med takkesteikt klinge til.

Starta på Stord

Kronprins Haakon gjennomførte òg ei 50-årsreise tidlegare i år. Da gjekk turen til Stord, der temaet var verdiskaping, næringsliv og omstilling.

Kronprinsen hos hjørnesteinsbedrifta Aker Solutions på Stord. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelege hoffet

Kronprinsen besøkte Aker Solutions, som har vore ei hjørnesteinsbedrift i Sunnhordland gjennom meir enn 100 år. Anlegget på Stord er det største offshoreverftet i landet, med ambisjonar om ei viktig rolle i ei meir berekraftig og digitalisert framtid for industrien. For å handtere klimautfordringane er det viktig å redusere utsleppa og sikre tilgangen på energi, samtidig som sysselsetjing og verdiskaping blir halden oppe.

Kronprins Haakon fekk høyre om prosjekt på område som karbonfangst- og lagring, elektrifisering og havvind. Besøket vart avslutta ved Akers anlegg for demontering og resirkulering av utrangerte offshoreinstallasjonar. 

 

Presentasjon av studentar og studentarbeid fra Rauland 2020-2021. Cop: Universitetet i Sørøst-Norge.
Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook