Hopp til hovedinnhold

Verdsarv i Bykle

Onsdag kveld fekk Kronprinsparet oppleve musikkarven frå Setesdal under ein magisk konsert i Bykle gamle kyrkje. Storslått natur stod òg på programmet for Kronprinsen.

29.03.2023

Denne sommaren fyller både Den Høgvørde Kronprinsen og Den Høgvørde Kronprinsessa 50 år. Det markerer dei gjennom fem reiser med ulike tema til ulike delar av landet. Dette er den andre reisa i rekkja, og i går besøkte dei Vinje kommune i Telemark. I dag gjekk turen til Bykle kommune i Agder.

Magisk kveld i Bykle gamle kyrkje

Bykle gamle kyrkje er frå 1620 – og røtene er enda eldre. Den første kyrkja på staden vart sannsynlegvis reist alt på 1200-talet. Kyrkja er den eldste i Setesdal og ein av dei minste i landet, berre elleve meter lang. I 1826 vart veggene inne i kyrkja rosemåla, og taket vart utforma som ein himmel med stjerner og skyer. I dette spesielle kyrkjerommet fekk Kronprinsen og Kronprinsessa høyre ein konsert med musikk frå Setesdal. Ein musikalsk tradisjon som vart innskriven på UNESCOs liste over verdas immaterielle kulturarv i 2019.

Kronprinsparet fekk oppleve musikkarven frå Setesdal i Bykle gamle kyrkje, her ved Annbjørg Lien og Daniel Sanden Warg. Foto: Lise Åserud, NTB

Stevjing, dans og spel har gått i arv frå generasjon til generasjon i Setesdal sidan 1700-talet. Hardingfele og munnharpe er viktige instrument, mens kveding av stev er den sentrale songforma, med særprega stemmebruk og rytme.

Slåttetrommene møtte Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit da dei kom til kyrkja, og kyrkjeklokkene lydde da følgjet hadde teke plass. Så kom artistane inn midtgangen til tonar frå feleslåtten «Brureslaget». Kronprinsparet fekk høyre fleire stev og spel på munnharpe og fele, før songarar, musikarar og gjester forlét kyrkja til gangardans.

I Bykle gamle kyrkje. Foto: Lise Åserud, NTB

Randonee med elevar frå Hovden

Før dagen vart avslutta i Bykle, besøkte Kronprins Haakon Hovden skigymnas. Det er ein del av tilbodet ved Setesdal vidaregåande skule og eitt av fem norske skigymnas. Her blir skulegang kombinert med idrett på høgt nivå. Elevane kan velje spesialisering innan snowboard, freeski,  langrenn eller friluftslinja Flyt, og alle linjer følgjer studieførebuande program slik at elevar som ønskjer det, kan gå vidare til universitet og høgskole.

Kronprins Haakon fekk høyre om tilbodet og korleis livet ved skolen artar seg, før det bar over i Hovden grendehus, der elevar heldt oppvising på trampoline og i klatrevegg.

Kronprins Haakon utanfor Hovden grendehus. Foto: Lise Åserud, NTB

Saman med åtte elevar og ein lærar tok Kronprinsen stolheisen til toppen av fjellet Nos. Der kunne dei snakke saman rundt bålpanna, godt plasserte i gamle stolar frå skiheisen.

Platået på rundt 1200 meter over havet er eit fint utgangspunkt for mange fjellturar både sommar og vinter. Det fekk Kronprinsen glede av da han sette utfor på randonee-ski saman med elevane frå Hovden.

På toppen av Nos. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelege hoffet

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook