Hopp til hovedinnhold

Jorda rundt på 20 månader

Hans Majestet Kongen var til stades på Bryggen i Bergen da fullriggaren Statsraad Lehmkuhl la til kai i dag. Skuta har tilbakelagt meir enn 60 000 nautiske mil på seglasen «One Ocean Expedition».

15.04.2023

Toktet starta i Arendal 20. august 2021, og dei siste 20 månadene har seglskuta besøkt 37 hamner rundt om i verda. Prosjektet er ein del av FNs havtiår. Målet har vore å skape merksemd og spreie kunnskap om den avgjerande rolla havet har i ei berekraftig framtid.

Kongen om bord

Da "Statsraaden" hadde lagt til kai, gjekk Kongen om bord. Der fekk han møte mannskap og snakke med nokre av kadettane som har vore med på jordomseglinga. Mannskapet stemte i med ein sjanti for Kong Harald da besøket skulle rundast av.

Kong Harald møtte mannskap og forskarar om bord på Statsraad Lehmkuhl. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

One Ocean Expedition

Før avreisa vart Statsraad Lehmkuhl utstyrt med moderne forskingsutstyr for å samle data om korleis vi menneske påverkar havet. Undervegs er det gjort målingar av støy og forureiningar som mikroplast, surheitsgrad i havet og temperatur. I hamner verda over er det knytt kontaktar mellom ulike forskingsmiljø, studentar, politikarar og andre som er opptekne av helsa til havet. Meir enn tusen personar har vore mannskap på ulike delar av reisa. Da fullriggaren kom til Bergen, hadde han kadettane frå Sjøkrigsskolen om bord. 

Statsraad Lehmkuhl legg til kai i Bergen etter 20 månader på jordomsegling. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Heimkomsten markerer byrjinga på One Ocean Week – ei heil veke med internasjonale konferansar, høgnivåmøte, seminar og arrangement. 

Ny kurs  

Statsraad Lehmkuhl er eit av verdas største seglskip i drift – ein tremastra stålbark bygd i Tyskland i 1914. Skuta fekk heimehamn i Bergen på byrjinga av 1920-talet og vart eit skuleskip der førstereisgutar fekk innføring i grunnleggjande sjømannskap.

Banjer'n er sovesal for mannskapet når Statsraad Lehmkuhl er ute på tokt. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Etter medgang og motgang i etterkrigstida har Statsraad Lehmkuhl vore i heilårsdrift dei siste 20 åra, leigd ut til ulike bedrifter og organisasjonar for lengre segltokt, turar i skjergarden og arrangement ved kai.

One Ocean Expedition er den første jordomseglinga til skuta og starten på ein ny karriere som kombinert utdannings- og forskingsfartøy. No er alt planlegginga av ein ny ekspedisjon som ambassadør for Noreg og FNs havtiår i gang.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook