Hopp til hovedinnhold

Kongen delte ut Nasjonalforeningens forskingsprisar

Hjarteforskar Dan Atar og demensforskar Evandro Fei Fang fekk Nasjonalforeningen for folkehelsens forskingsprisar 2023. Hans Majestet Kong Harald delte ut prisane på vegner av organisasjonen.

19.04.2023

Prisvinnarane vart heidra for det banebrytande arbeidet sitt og sine gode resultat under ein prisseremoni i Det Norske Teatret i Oslo i går.

Kong Harald saman med vinnarane av Nasjonalforeningens forskingsprisar, Evandro Fei Fang og Dan Atar. Foto: Lise Åserud / NTB

Hjarteforskingsprisen

Professor Dan Atar ved Oslo universitetssjukehus fekk Hjarteforskingsprisen for banebrytande forskingsresultat gjennom 30 år innan kardiologi. Han er ein av dei mest framståande forskarane på dette feltet i verda, skriv Nasjonalforeningen for folkehelsen i ei pressemelding.

– Han jobbar både for å forhindre at hjarteinfarkt skjer, for å avgrense skaden ved eit infarkt, og for at pasienten skal ha eit godt liv i etterkant, seier generalsekretær Mina Gerhardsen.

Demensforskingsprisen

Førsteamanuensis Evandro Fei Fang, ved Akershus universitetssjukehus og Universitetet i Oslo, får Demensforskingsprisen for banebrytande forskingsresultat og innsatsen sin for gode fagsamarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

– ­Fang får prisen blant anna for forskinga si for å fjerne skadde mitokondrium i hjernen. Dette sporet blir av fleire omtalt som banebrytande i jakta på effektive medisinar mot Alzheimers sjukdom, seier generalsekretær Mina Gerhardsen.

Det var nær 300 til stades under arrangementet, deriblant helseminister Ingvild Kjerkol og ordførar Marianne Borgen i Oslo.

Kongen er beskyttar for Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Forskingssjef Anne Rita Øksengard presenterer Nasjonalforeningens nye forskingsstipendiatar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook