Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen på NOR-Shipping

Berekraftig skipsfart og korleis skipsfarten kan bidra til det grøne skiftet var tema under opninga av verdas største shippingkonferanse, Nor-Shipping på Lillestrøm.

06.06.2023

Den Høgvørde Kronprins Haakon var til stades under konferansen, som vart opna av klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Kronprinsen overvar fleire av innlegga under opninga av konferansen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Nor-Shipping blir arrangert kvart andre år og tiltrekkjer seg shippingleiarar frå heile verda. I løpet av dagane konferansen varer, kjem det i stand ei rekkje møte som verkar inn på framtidig berekraftig sjøtransport.

«Det store bildet» var temaet for føredraget til Joseph Stiglitz, som vart tildelt nobelprisen i økonomi i 2001. Etter innlegget deltok Stiglitz i ein paneldebatt saman med konsernsjef i DNB Kjerstin Braathen og administrerande direktør i DNV Remi Eriksen under temaet "Energiomstilling – en maritim mulighet?".

 Paneldebatt med nobelprisvinnar Joseph Stiglitz, konsernsjef i DNB Kjerstin Braathen og administrerande direktør i DNV Remi Eriksen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Kronprinsen var òg til stades ved debatten «Aktivering av det maritime vendepunkt», før han fekk ei omvising i utstillingshallane, der ei lang rekkje norske og utanlandske aktørar har stands under Nor-Shipping.

Kronprins Haakon besøkte fleire stands i konferansehallen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Besøk i konferansehallen

Under omvisinga gjorde Kronprinsen fleire stopp der han møtte aktørar som jobbar med spennande prosjekt for ei berekraftig og sirkulær shippingframtid, blant anna Jotun, DNV og Norske Maritime Eksportører.

På Jotuns stand fortalde administrerande direktør Morten Fon om nyutvikla robotteknologi som reinsar skrog mens skipet er i sjøen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook