Hopp til hovedinnhold

Levende bygder i Froland og Åseral

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga er på fylkestur i Agder og Rogaland. Reisa starta i Froland – ein mangfaldig kommune aust i Agder, før turen heldt fram til Åseral – omkransa av skogen og heiane vest i fylket.

27.05.2024

Kongeskipet Norge kom til Arendal i går, og på ettermiddagen tok sjaluppen Kongen og Dronninga til hamna der musikkorps, hamnesjef og ordførar tok imot.

Kjentfolk

Froland var første stopp på fylkesturen. I hagen til flotte Frolands verk venta niåringane Ella Tveit og Mikkel Råna med blomstrar til Kongeparet. Froland skulekorps spelte og langt over 1000 av innbyggjarane i kommunen hadde møtt fram. Det var mange norske flagg, bunader, dresser og fine kjolar å sjå.

Niåringane Ella Tveit og Mikkel Råna ønska Kongeparet velkommen med blomstrar. Foto: Lise Åserud, NTB

– Når vi er på fylkestur, er det alltid hyggeleg å treffe kjentfolk, innleidde Kong Harald talen med å seie – og sikta mellom anna til den eine av konferansierane, Marte Olsbu Røiseland, som er verdas mestvinnande kvinnelege skiskyttar – og frolending.

Den verdskjende matematikaren Niels Henrik Abel (1802–1829) har også sett Froland på kartet, og ein statue står ved Frolands verk. Abel har Kongefamilien eit spesielt forhold til ein gong i året, under utdelinga av den prestisjetunge Abelprisen.

Kongeparet kunne glede seg over innslag med humor, dans og song i Froland. Foto: Lise Åserud, NTB

Kongen takka alle for den varme velkomsten og omtala Frolands rike og spennande historie – med arkeologiske funn frå Risdal i nord til Froland gard i sør, med omfattande trelasthandel, gruvedrift, starten på Norsk Hydro og viktig krigsinnsats.

Les heile talen til Kongen her

Folkefest på Frolands verk

Froland er mest kjend for Frolands verk med den godt bevarte hovudbygninga frå 1791. Frolands verks hage var ramma for programmet som inneheldt smakebitar frå eit rikt kultur- og organisasjonsliv.

Kongeparet fekk oppleve vakker song, dans, hardingfele, humorinnslag og historier. Dei helsa på mottakarar av Kongens fortjenstmedalje i kommunen og fekk ei presentasjon av arbeidsinkluderingsbedriften Mølla vekst som hadde stilt ut nokre av produkta sine. Stolane som Kongeparet sat på under besøket, er restaurerte av snikkarverkstaden på Mølla vekst. Dei er produserte av møbelsnikkar Markus Berg i Trondheim som også har laga innreiing til Stiftsgården, den offisielle kongeboligen i Trondheim.

Avskjed med Froland. Foto: Lise Åserud / NTB

Vidare til Åseral

Kongeparet kom til Farsund hamn med sjalupp i dag føremiddag. Reisa gjekk vidare til Åseral vest i Agder der kommunen hadde førebudd eit program beståande av film, folkemusikk, kåseri, dans og tradisjonskost. Åseral snøscooterklubb er Noregs største arrangørklubb og fortalde om klubbens førebyggande og haldningsskapande arbeid.

Emil Orthe (17) framfører “Gauslåen” på eigensmidd munnharpe frå taket av Minne kultursenter. Foto: Lise Åserud / NTB

– Det at ein kommune på litt over 900 menneske kan vise til eit så aktivt kulturliv, er rett og slett imponerande, sa Dronning Sonja på talarstolen i Kyrkjebygda, i hagen ved Minne kultursenter.

– Eit lite samfunn med eit stort hjarte

– Å kalle bygdas kulturelle storstove for “Minne” handlar jo ikkje berre om stadnamnet. Det fortel oss også noko om eit lokalsamfunn som vennleg ber oss om å hugse, om å ta vare på og om å bry seg.

Dronninga delte også tankar om maktesløyse i møte med verda i dag.

– Då er det tryggande å vite at det finst ein slik god stad som Åseral. Eit lite samfunn med eit stort hjarte, der ein tek vare på naturen, dyrkar kulturen og har omsorg for kvarandre, sa Dronninga.

Les heile talen til Dronninga her

Mange hadde møtt opp for å vinke farvel til Kongeparet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Det er fyrste gong Kongen og Dronninga er på offisielt besøk i Froland og Åseral. I morgon, tysdag, kjem Kongeskipet til Flekkefjord hamn, før turen går vidare til Rogaland og kommunane Lund, Randaberg og Vindafjord.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook