Hopp til hovedinnhold

La ned grunnsteinen til det nye Vikingtidsmuseet

Vikingtidsmuseet på Bygdøy blir verdas største museumsanlegg om vikingtida – med unike gjenstandar og dei tre best bevarte vikingskipa i verda. I dag la Den Høgvørde Kronprinsessa ned grunnsteinen til museet.

04.06.2024

Det nye Vikingtidsmuseet skal etter planen opne i 2027. Her skal publikum få oppleve Osebergskipet, Gokstadskipet og Tuneskipet – og rundt 5500 andre gjenstandar frå vikingtida.

Grunnsteinsnedlegging

Arbeida med råbygget til den nye museumsdelen var godt i gang under grunnsteinsnedlegginga i dag. Koret Stella Vitae bidrog med musikalske innslag under seremonien, og administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg ønskte velkommen til den høgtidelege markeringa på byggeplassen. Det var talar ved forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel, prorektor Åsa Gornitzka ved Universitetet i Oslo og direktør Aud V. Tønnessen ved Kulturhistorisk museum.

Mot slutten av markeringa la Kronprinsesse Mette-Marit grunnsteinen, i form av eit skrin, før ho tok eit par spadetak med jord over skrinet.

Kronprinsesse Mette-Marit legg ned grunnsteinen til det nye Vikingtidsmuseet og Noregs nye verdsattraksjon. Ved siden av står administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Det nye museet

Vikingtida er ein sentral periode i norsk historie, og interessa for vikingskipa og resten av gjenstandane frå vikingtida har alltid vore stor – heilt frå starten av utgravingane på 1800- og 1900-talet.

Det nye Vikingtidsmuseet blir tre gonger så stort som det gamle museet – Vikingskipshuset. Totalt er det nye museet på 13 000 kvadratmeter og blir bygd som ei utviding av det gamle bygget. Forholda for skipa i den gamle museumsbygningen er ikkje gode nok, men ein ny, klimaregulert bygning med nye støttesystem skal sikre dei unike gjenstandane for samtida, og for framtida.

Osebergskipet skal få ein ny heim. Her på plass i det gamle museumsbygget. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Fakta

Fakta: Hva er en grunnstein?

Høytidelige markeringer når man bygger et nytt bygg har lange tradisjoner. I romertiden hadde man seremonier for å blidgjøre gudene. I middeleladeren ble det et fast ritual å legge ned grunnsteiner.

I dag er ikke en grunnstein en stein, men et skrin, som fungerer som en tidskapsel. Her legger man gjenstander som sier noe om dem som skal bruke bygget og tiden da grunnstenen ble lagt ned.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook