Kreftforskingspris til UiT-professor
Den Høgvørde Kronprinsen delte i dag ut Kong Olav Vs kreftforskningspris til professor Terje Johansen ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø. Johansen mottar prisen for si verdsleiande forsking på korleis cellene våre kvittar seg med “søppel”.
Kronprins Haakon delte ut forskingsprisen på vegner av Kreftforeningen under ein høgtideleg seremoni i Universitetets aula i Oslo.
Johansen er globalt anerkjend som ein pioner på sitt fagfelt, som vert kalla selektiv autofagi, heiter det vidare i juryens grunngjeving.
Generalsekretær i Kreftforeningen Ingrid Stenstadvold Ross, Kronprins Haakon, Terje Johansen og styreleiar i Kreftforeningen Geir Riise under seremonien i Universitetets aula. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
I sin takketale framheva prisvinnaren at denne prisen ikkje set punktum for ein lang karriere innan grunnforsking.
– Prisen er berre meir bensin på bålet og meir motivasjon til å stå på vidare, sa Terje Johansen, som saman med eit forskingsteam er i gang med eit fireårig prosjekt der dei undersøker korleis kreftceller nyttar selektiv autofagi til å bli motstandsdyktige mot enkelte kreftmedisinar. Når dei finn ut korleis dette skjer, kan dei foreslå mottiltak som kan brukast i kreftbehandling i framtida.
Håvard Aagesen fortel om eigen kreftsjukdom og held ein sterk appell der han takkar kreftforskarane. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kong Olav Vs kreftforskningspris vart oppretta i 1992 og har sidan vorte tildelt av Kreftforeningen kvart år. Forskingsprisen går til ein kreftforskar eller ei forskargruppe som har bidrege til å fremje den norske kreftforskingas kvalitet og omfang.
Aktuelle saker
Nyttårsframsyning med Dissimilis
Prinsesse Astrid, fru Ferner, var laurdag kveld til stades då Dissimilis heldt nyttårsframsyning i Operaen i Oslo.
Journalister mottok Sønstebyprisen
NRK-journalist Yama Wolasmal og aviseredaksjonen The Barents Observer fikk Sønstebyprisen for 2025. Hans Majestet Kongen var til stede under prisutdelingen på Akershus festning i Oslo.