Norsk medaljejubel i Paralympics
Den Høgvørde Kronprinsen heia fram dei norske utøvarane i Dei paralympiske leikane i Paris. Tommy Urhaug gjorde det ekstra spennande i finalen i bordtennis, der han sikra den første gullmedaljen til Noreg.
Det vart spenning til siste slutt for Kronprins Haakon og alle som heia anten frå tribunen eller heime i Noreg i går kveld. Tommy Urhaug vann 11-9 i femte sett og vann dermed 3-2 i sett totalt over Cheng Ming-chih.
12 år etter gull i Paralympics i London har Tommy Urhaug igjen fått den edlaste medaljen rundt halsen. Foto: Maja Smiejkowska / REUTERS / NTB
Tidlegare på dagen følgde Kronprinsen den individuelle konkurransen i dressurriding og dei norske utøvarane i aksjon i bordtennis i South Paris Arena.
Kronprins Haakon og idrettspresident Zaineb Al-Samarai jublar for bronse til Helle Sofie Sagøy i badminton. Foto: Alexander Eriksson / Team Norway
Helle Sofie Sagøy og Fredrik Solberg sørgde for to norske medaljar måndag.
Helle Sofie Sagøy tok ein overlegen siger i bronsefinalen i badminton etter 2-0 i sett mot Khalimatus Sadiyah frå Indonesia. Kronprins Haakon sat saman med idrettspresident Zaineb Al-Samarai på tribunen og kunne juble for medalje og revansje for Sagøy. For tre år sidan tapte ho bronsefinalen i Paralympics.
Helle Sofie Sagøy vann bronsefinalen i badminton i Paralympics i Paris. Foto: Foto: Alexander Eriksson / Team Norway
Fredrik Solberg tok bronse på 50 meter fri i Paralympics, og Kronprinsen følgde bronseløpet frå tribunen i Paris La Défense Arena. Det er den første medaljen i Paralympics for 22-åringen.
Fredrik Solberg jublar for bronse i Paralympics. Den italienske storfavoritten Simone Barlaam tok gull på 50 meter fri. Foto: Andrew Couldridge / REUTERS / NTB
Kronprinsen møtte også utøvarane i deltakarlandsbyen tidlegare på dagen.
Det er i alt 18 utøvarar som representerer Noreg under Paralympics i år. Dei første medaljane kom før Kronprins Haakon var på plass i Paris. Søndag sikra Birgit Skarstein og Salum Kashafali to norske Paralympics-sølv. Torsdag tok bordtennisduoen Aida Husic Dahlen og Merethe Tveiten den første medaljen til Noreg med bronse i bordtennisdobbel for kvinner.
Først publisert: 02.09.2024
Sist oppdatert: 04.09.2024
Aktuelle saker

Kronprinsen besøker Polen
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen besøker denne uken Gdansk og Warszawa i Polen. Viktigheten av EØS-midlene, grønn omstiling, industri- og forsvarssamarbeid er blant temaene under besøket.

Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt professor Hans Fredrik Dahl til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs orden.