Takka av som biskop i Oslo
Søndag vart Kari Veiteberg takka av som biskop i Oslo bispedøme etter sju år i teneste. Avskjeden fann stad under ei høgmesse i Oslo domkirke, med Hans Majestet Kongen til stades.
I sine siste ord som biskop uttrykte Veiteberg stor takksemd:
– Dei siste orda mine som biskop i berre sju år – det er: Takk og lov til Gud! Halleluja! Amen!
Kong Harald kjem til høgmessa i Oslo domkirke i følgje med biskop Kari Veiteberg. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Første kvinnelege Oslo-biskop
Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, heldt ei takketale til Veiteberg på vegner av Den norske kyrkja. Han peika på at hennar sju år som biskop har vore i ei viktig og historisk epoke for Oslo bispedøme og kyrkja.
– Du har vore med å forme den med det du er, med det du har av gåver og kompetansen du har. Du har opna kyrkja enda meir enn før, og du har vore ein nær biskop for alle slags folk i denne byen.
Veiteberg vart òg lyfta fram som den første kvinnelege biskopen i Oslo, den 63. i rekkja.
Høgmesse
Høgmessa fann stad på tredje søndag i adventstida og vart leia av biskop Kari Veiteberg sjølv, saman med domprost Pål Kristian Balstad og liturgane Valborg Orset Stene, Christian Kringstad Kielland og Morten Andreas Øyan-Carlmark. Musikken vart framført av songarar frå Oslo Domkor, under leiing av dirigent Vivianne Sydnes, med Kåre Nordstoga og Marcus André Berg på orgel.
Preiketeksten var henta frå Johannesevangeliet, kapittel 5, vers 31–36, og preika vart halden av Veiteberg sjølv.
Til stades under høgmessa var fleire sentrale samfunnsrepresentantar, inkludert statsminister Jonas Gahr Støre, statsforvaltar Valgerd Svarstad Haugland og ordførarane i Oslo, Asker og Bærum.
Oslo bispedøme
Oslo bispedøme, som er det minste i geografisk utstrekning blant bispedøma i Den norske kyrkja, omfattar menigheitene i kommunane Oslo, Asker og Bærum.
Aktuelle saker
VM på hjemmebane
De norske håndballgutta fikk det tøft i åpningskampen mot Brasil i går kveld. Hans Majestet Kongen fulgte kampen fra tribuneplass i Unity Arena på Fornebu.
Nyttårsframsyning med Dissimilis
Prinsesse Astrid, fru Ferner, var laurdag kveld til stades då Dissimilis heldt nyttårsframsyning i Operaen i Oslo.