Nyttårsframsyning med Dissimilis
Prinsesse Astrid, fru Ferner, var laurdag kveld til stades då Dissimilis heldt nyttårsframsyning i Operaen i Oslo.
Framsyninga har fått namnet “Gatelangs” og er ei historie om håp, motstand og kor viktig det er å handle, sjølv når det kan kjennast som om verda står stille.
I ein fullsett sal sat Prinsesse Astrid, som har vore beskyttar for Dissimilis sidan 1995.
Prinsesse Astrid blei tatt imot av administrerande direktør Geir Bergkastet frå Den Norske Opera & Ballett og Ronnie M. Larsen frå Dissimilis Noreg. Øyvind Rudshagen i Dissimilis-bandet overrekte blomar. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Framsyning om håp og mot
I ei verd prega av uro og bekymring står våre hovudpersonar overfor eit uventa dilemma. Dei kjem over ein avisartikkel som fortel at kongen ikkje lenger ser nokon grunn til å kjempe for ei betre verd – han er rett og slett utmatta.
Skal dei la verda segle sin eigen sjø, eller vel dei å stå opp for det dei trur på? For å finne svar legg dei ut på ei reise oppover Karl Johan, med eitt mål: å nå fram til slottet og overtyde kongen om at det framleis finst håp og verdiar verdt å kjempe for.
Dissimilis heldt nyttårsframsyning i Operaen i Oslo. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
På vegen møter dei menneske som både inspirerer og utfordrar dei, og kvart møte fører dei nærare forståinga av at sjølv dei minste handlingane kan setje i gang store endringar.
Om Dissimilis
Dissimilis har i mange år skapt arenaer for meistring, kunst og livskvalitet for menneske med utviklingshemming og funksjonsnedsetjingar. Målet er å gi rom for kunst som utfordrar, rører og forvandlar – der kvar enkelt får skinne og vise sitt fulle potensial.
Dissimilis vart stifta av Kai Zahl i 1982.
Aktuelle saker

På konferanse om KI og helsedata
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede ved åpningen av Livsvitenskapskonferansen 2025 på Meet Ullevaal i dag.

Foredrag om trusselsituasjonen
Hans Majestet Kongen var til stede da lederen for Etterretningstjenesten, viseadmiral Nils Andreas Stensønes, holdt foredrag om trusselsituasjonen i Oslo Militære Samfund.