Symfonisk opning av festspela
Dei 73. Festspela i Bergen er i gang. Hennar Majestet Dronning Sonja var til stades under det tradisjonsrike gratisarrangementet på Torgallmenningen, som markerte startskotet for 15 dagar med opplevingar innan musikk, teater, dans og mykje meir.
På scena i Bergen sentrum, framfor eit par tusen tilskodarar og med sol frå skyfri himmel, stod Bergen Filharmoniske Orkester under leiing av dirigent Grete Pedersen.
Dronning Sonja kjem til opningsseremonien ifølgje med festspeldirektør Lars Petter Hagen og styreleiar for Festspela i Bergen, Thorhild Widvey. Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Publikum fekk høyre musikk av Grieg, Stravinskij, Schubert og Beethoven, og dei fekk ta del i allsong med «Nystemten» og «Ja, vi elsker». Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og ordførar i Bergen, Marit Warncke, heldt talar.
Før opningsseremonien på Torgallmenningen vart Dronninga møtt av lystig korpsmusikk i regi av Norges Musikkforbund. Midtun Skoles Musikkorps og Samnanger Skulemusikklag spelte mellom anna «Seterslått» og «Kongolela» av Jan Magne Førde og «September» av Maurice White.
Kongekorpset spelar ved ankomst Den blå steinen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Dronning Sonja var òg til stades under ein lunsj i Håkonshallen i høve festspela, der Bergen kommune og ordføraren var vertskap.
I kveld er Dronning Sonja til stades ved opningsframsyninga i Grieghallen – William Kentridge si «The Great Yes, The Great No». I morgon er det opning av Festspelutstillinga 2025 i Bergen Kunsthall. Tori Wrånes er årets festspelkunstnar.
Kong Harald er beskyttar for Festspela i Bergen.
Aktuelle saker

Utvandringsjubileet i Stavanger
Det ble en historisk dag i Stavanger da Deres Majesteter Kongen og Dronningen, Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen, Hennes Kongelige Høyhet Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus deltok på markeringen av det norske utvandringsjubileet.

Offisielt besøk fra Frankrike
Deres Majester Kongen og Dronningen holdt gallamiddag på Slottet i anledning Frankrikes president Hans Eksellense Emmanuel Macron og hans kone fru Brigitte Macron offisielle besøk til Norge. Det er 41 år siden sist gang en fransk president var på offisielt besøk til Norge.