Hopp til hovedinnhold

Norwegian Travel Workshop

Måndag var Hennar Majestet Dronninga til stades ved opninga av Norwegian Travel Workshop i Kristiansand, der ho overrekte Norwegian Travel Workshops heiderspris. Prisen blei dela ut for første gong i år.

24.04.2007

Norwegian Travel Workshop er ei fagmesse der utanlandske turoperatørar kan møte norsk reiselivsnæring. Reiselivsbedrifter som ønskjer å satse på den internasjonale marknaden, får høve til å presentere seg og gjera avtalar for den komande sesongen. Arrangementet har ikkje som mål å framheva enkelte bedrifter - det er Noreg som reisemål som er i fokus.

Heidersprisen

Heidersprisen for 2007 blei tildelt Karl Mjelva fra Union Hotell i Geiranger og Edmund Harris Utne frå Hotell Ullensvang i Hardanger – to veteranar innan norsk reiselivsnæring.

Norwegian Travel Workshop sin heiderspris skal gå til nordmenn og utlendingar som har gjort noko særskild for norsk reiselivsnæring og som har markert seg i samband med felles arrangement for reiselivet.

Arrangementet

Innovasjon Norge står bak dette årlege arrangement, som blei arrangert for 35. gong. 350 representantar frå 23 ulike land vil møte om lag like mange representantar frå norske reiselivsbedrifter. I år var det heile lagt til Kristiansand og med Destinasjon Sørlandet som partner for Innovasjon Norge. Arrangementet varer i tre dagar.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook