Hopp til hovedinnhold

Dronningparken stengjer

Det går mot vinter og i dag, 1. oktober stengjer Dronningparken for sesongen. Han opnar att til våren, nærare bestemt 18. mai.

01.10.2019

Dronningparken er open for publikum i sommarsesongen, frå 18. mai til 1. oktober.

Delar av området som i dag utgjer Dronningparken, har ei historie som park heilt tilbake til 1751. Den gongen var dette området ein del av løkka Sommerro som borgarmeister Christian Henrik Støedt utvikla til ei lita rokokkoperle. Han fekk anlagt sirlege og symmetriske bed, omramma av frukttre, prydrabattar og nyttehage. Elles hadde løkka åkrar, enger og fleire dammar.

I 1778 vart løkka overteken av Bernt Anker, ein velkjend mann i borgarskapet i Christiania. Han beheldt rokokkohagen, men utvikla området rundt til ein meir naturliknande park, med tre og frukthage. Nokre av dei eldste trea i parken finst i Bernt Ankers gamle lindeallé. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet

Lindealleen som munnar ut mot dagens Henrik Ibsens gate, er frå Bernt Ankers tid. No, over 200 år seinare, står han som eit minne frå det gamle Christiania og parken slik han var.  

Parken har forandra seg gjennom tidene, men har behalde hovudtrekka frå den romantiske parken. 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook