Hopp til hovedinnhold

Sanitetskvinnenes heiderspris

H.K.H. Kronprinsessa blei heidra med Fredrikkeprisen under ei høgtidleg tilstelling i Det Norske Teater laurdag 16. februar. Foreiningas høge beskyttar, Prinsesse Astrid, fru Ferner, overrekte prisen.

18.02.2008

Fredrikkeprisen er Sanitetskvinnenes heiderspris, og den blir kvart år delt ut til ein person som har utmerka seg innanfor helse og omsorg, miljø eller beredskap.

- Kronprinsesse Mette-Marit har vore ein pådrivar for openheit, inkludering og toleranse, med evne til å sjå menneske i ein sårbar livssituasjon. Gjennom sitt engasjement for psykisk helse, barn og unges livssituasjon, HIV/Aids og i møte med menneske er Kronprinsessa med på å synleggjera Sanitetskvinnenes verdiar; å syna omtanke for menneske og bidra til eit samfunn der alle høyrer heime, sa organisasjonsleiar Sølvi Lundgaard under utdelinga.

- Eg har von om at Fredrikkeprisen og Norske Kvinners Sanitetsforening kan inspirere oss alle til å være medmenneske, sa Kronprinsessa i takketalen sin. - Det blir eit kaldt og fattig samfunn om vi ikkje kan sjå kvarandre og prøve å koma kvarandre i møte.

Prisen er på 100 000 kroner, og pengane blir gitt til H.K.H. Kronprins Haakon og H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marits humanitære fond.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook