På fylkestur i Telemark
Tysdag starta Kronprinsparet fylkesturen sin i Telemark. I løpet av turen vil Kronprinsen og Kronprinsessa besøkje seks kommunar fordelte over heile fylket, og Notodden var første stoppestad på reisa.
Kronprinsparet kom til det gamle industriområdet ved Tinfos om føremiddagen, til offisiell mottaking i Telemarksgalleriet. Her fekk Kronprinsen og Kronprinsessa ei historisk innføring i kraftproduksjon og industrireising i området, frå Sam Eyde og Norsk Hydro til ny teknologibasert produksjon, blant anna hos Berget a/s.
Det vart òg kunstnariske innslag, i form av både blues, rock og stev.
Redesign
Seinare stod Kronprinsesse Mette-Marit for opninga av den nye butikken Redesign i Notodden. Prosjektet er ein del av verksemda til attføringsbedrifta NOPRO. Klede, bruksgjenstandar og møblar som elles ville ha vorte kasta, får nytt liv gjennom reparasjon, omsaum og kreativ forming av nye produkt.
– Gjennom butikken Redesign blir krefter sameinte om noko av det viktigaste vi kan jobbe for i samfunnet vårt: eit godt miljø, både menneskeleg og naturmessig, sa Kronprinsessa i opningstalen sin.
Dalen i Tokke
Om ettermiddagen besøkte Kronprinsparet Tokke kommune. I Tokke besøkte Kronprinsparet Tokke kulturhus, der elevar frå Tokke kulturskole underheldt med dans, song og musikk.
På Tokke helsesenter stod Kronprins Haakon for den offisielle opninga av den nye avdelinga ved helsesenteret.
Dagen vart avslutta med middag og overnatting på det tradisjonsrike Dalen Hotel..
Aktuelle saker

Den samiske arven
I Hattfjelldal, Aarborte på sørsamisk, ble Deres Majesteter Kongen og Dronningen ønsket velkommen av barn og unge som sang og snakket på sørsamisk og norsk. I denne kommunen på Helgeland har samisk og norsk kultur eksistert side om side i generasjoner.

– Godt å være i Nord-Norge igjen
Deres Majesteter Kongen og Dronningen innledet i dag fylkesturen i Nordland. – Vi puster så fritt her i nord – hvor det er så mye hav, fjell og himmel. Og helt spesielt mange hyggelige mennesker, sa Kong Harald, som holdt turens første tale.