Overrekte forskningspris
Hans Majestet Kongen overrekte Gunnar Randers forskningspris til professor Roger Pynn måndag. Overrekkinga skjedde ved Institutt for Energiteknikk, der Kongen også opna det nye solenergibygget ved instituttet.
Professor Pynn er tildelt prisen for pionerarbeidet sitt i utviklinga av nye nøytronspreiingsmetodar og bruksmåtar innan avansert materialvitskap. Roger Pynn er professor ved Institutt for fysikk ved Indiana University, USA.
Gunnar Randers forskningspris
Gunnar Randers Forskningspris vart etablert i 2001. Han blir delt ut kvart andre år for å heidre innsats til fremjing av utviklinga innan grunnleggjande materialvitskap, innovasjon eller teknologiske gjennombrot på dette området.
Ministeren for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland, la i talen sin vekt på at grunnforsking på materialar er eit viktig fundament for utviklinga av blant anna solceller. Ho slo òg fast at forskinga er avhengig av oppdaterte laboratorium og utstyr for å vere konkurransedyktig internasjonalt.
Solenergi
Seinare same dag opna Kong Harald Institutt for Energiteknikks nye solenergibygg – det same bygget Kongen la ned grunnsteinen til for to år sidan.
Det nye solbygget på Kjeller er den største investeringa IFE har gjort nokon gong. Målet er å gje både noverande og framtidige aktørar i den norske solcelleindustrien tilgang til leiande teknologisk og vitskapleg ekspertise.
Kong Harald stod for den offisielle opninga, før avdelingssjef ved Solenergibygget viste Hans Majestet rundt i bygget. Bygget er 1000 m² stort, av det er om lag 650 m² sett av til laboratorium.
Aktuelle saker
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
Dugnadsdykk i Tromsø
Den Høgvørde Kronprinsen møtte dugnadsdykkarar frå Tarevoktere og følgde deira arbeid med å fjerne kråkebollar og atterreise tareskog – eit av jordas viktigaste økosystem.