Hopp til hovedinnhold

Statsbesøk frå Canada

DD.MM. Kongen og Dronninga ønskte Canadas generalguvernør, H.E. Michaëlle Jean, og herr Jean-Daniel Lafond velkommen til Noreg i dag. DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa deltok òg i velkomstseremonien på Slottsplassen.
28.04.2009

Etter mottakinga besøkte generalguvernøren Stortinget, der ho hadde møte med Stortingets visepresident.

Kransnedleggingar

Ifølgje med Kong Harald og Dronning Sonja la Generalguvernøren og herr Lafond deretter ned kransar, først på Nasjonalmonumentet på Akershus festning og deretter ved dei kanadiske krigsgravene på Vestre Gravlund.

Om ettermiddagen hadde Generalguvernøren møte med statsminister Jens Stoltenberg.

Gallamiddag

Kongen og Dronninga heldt lunsj for generalguvernøren og følgjet hennar på Slottet klokka 14:00, og om kvelden var det gallamiddag på Slottet til ære for besøket frå Canada. I tillegg til Kongeparet, var både Kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette-Marit og Prinsesse Astrid til stades.

Statsbesøket varer frå 28. til 30. april.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook