Hopp til hovedinnhold

Teikna om hiv og aids

Norske teiknarar tek i bruk teikneseriar i kampen mot stigmatisering og diskriminering av hivpositive. Teikningane vart laga i høve aidskonferansen Young Leaders Summit II og etter initiativ frå DD.KK.HH Kronprinsen og Kronprinsessa.
30.06.2009

Tanken bak å engasjere teikneserieteiknarar var å ta i bruk nye kommunikasjonsformer for å spreie informasjon om ei så samansett problemstilling som hiv og aids.
 

Illustrasjonane er laga av Siri Pettersen, Ingalill Røsberg, Mads Eriksen og Madeleine Bertelsen.
 

Aidskonferansen samla 28 unge leiarar frå heile verda på Losby gods utanfor Oslo 23.–25. juni. Unge menneske er spesielt utsette for hiv, og det er derfor spesielt viktig med ungt leiarskap i det hiv- og aidsrelaterte arbeidet.
 

Gjennom heile konferansen formidla konferansedeltakarane òg tankane og opplevingane sine på YouTube, Flickr, Twitter og diverse bloggar.
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook