Hopp til hovedinnhold

Fylkesturen er i gang

DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa er på fylkestur til Rogaland. Kronprinsparet nyttar Kongeskipet Norge på reisa, og første stopp var Utsira utanfor Karmøy.
01.09.2009

Utsira er den minste kommunen i landet med eit folketal på 215. Her gjekk Kronprinsparet i land klokka 10:00 i føremiddag. Dei vart mottekne av fylkesmann, ordførar og politimeister, før følgjet drog for å besøkje gamle Utsira fyr.

Utsira fyr

Utsira fyr vart oppretta i 1844 og var opphavleg bygd som eit tvillingfyr. Det eine fyret vart nedlagt i 1890. Det andre vart automatisert og avbemanna i 2004, og i dag er fyret eit verna kulturminne.

Kronprinsparet fekk lære om fyret og området omkring, og besøkte utstillinga til den lokale kunstnaren Marit Eide Klovning som finst her. Den ornitologiske foreininga overrekte Kronprinsen og Kronprinsessa kikkertar som gåve og minne om besøket.

Siratun

Frå fyret reiste Kronprinsparet vidare til Siratun. På veg til festplassen passerte dei bysta av Åsa Helgesen, som var den første kvinnelege ordføraren i Noreg.

Ordførar Jarle Nilsen ønskte Kronprinsparet velkommen og introduserte songkoret som bestod av barn frå Utsira skule, Utsira barnehage og musikkgruppa "Gneist".

Kronprinsen signerte grunnsteinen til det som skal bli ny skule, barnehage og kulturhus.

I helsingstalen sin til Utsira takka Kronprinsessa for gjevargleda her:

"Hvert år ser vi at Norges minste kommune ligger helt i toppsjiktet som bidragsyter til tv-aksjonen. Jeg vil gjerne takke for gaven til Røde Kors som har blitt samlet inn i anledning at Kronprinsen og jeg skulle komme."

Det vart òg tid til å helse på "gutta på Cognac'en" - fem lokale seniorar, før følgjet reiste vidare.

Vindafjord

I ettermiddag kom Kronprinsparet til Vindafjord. Her besøkte Kronprinsen og Kronprinsessa Vindafjordtunet omsorgssenter, der Kronprinsesse Mette-Marit planta eit tre i "Sansehagen". Etter kaffi og samtale med bebuarane reiste Kronprinsparet vidare til Ølen.

Opna tusenårsstaden

I Ølen opna Kronprins Haakon tusenårsstaden i Vindafjord, parken Joa-Kari, oppkalla etter ei kone som budde her. Tidlegare var Ølen eigen kommune, men vart slått saman med Vindafjord. Kronprins Haakon kom inn på dette i talen sin ved opninga:

Kommunesammenslåing kan være et sårt og vanskelig tema. Men ikke i Vindafjord. Det er en sjelden historie, den om hvordan kommunene Vindafjord og Ølen ble slått sammen i 2006. Ølen ga til og med opp sin fylkestilhørighet. Det er ikke rart at denne type omorganiseringer vekker stort engasjement – men her forstår jeg det har gått smertefritt for seg. Joa-Kari parken her vi nå befinner oss er også et eksempel på dette. Det gamle Ølen kommunes tusenårssted blir nå den nye Vindafjord kommunes tusenårssted.

Deretter drog følgjet med hesteskyss til Ølen idrettshall, der Kronprinsparet fekk ein presentasjon av næringslivet i Vindafjord.

Offisiell middag

Om kvelden var Kronprinsen og Kronprinsessa til stades ved ein festmiddag i Ølen kulturhus.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook