Hopp til hovedinnhold

Fylkesturens siste dag

I dag tidleg kom Kongeskipet Norge til Holmen i Jøssingfjord. DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa besøkjer kommunane Sokndal og Lund på siste dag av fylkesturen sin i Rogaland.

03.09.2009

Kronprinsparet gjekk i land i Holmen, mens lokale båtar følgde Kongeskipet vidare innover Jøssingfjorden. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit drog frå kaia og opp til Helleren.

Undervegs stansa følgjet ved Altmark-støtta, der lokalhistorikar Finn Nesvold fortalde om den såkalla "Altmark-affæren". Hendinga skjedde i februar 1940, da det tyske skipet Altmark, med 300 britiske fangar om bord, vart borda i av britisk marine i norsk farvatn.

Husa under Helleren

Dei to husa under Helleren ligg dramatisk til under eit utspring i fjellveggen. Husa vi ser i dag, er frå byrjinga av 1800-talet, men arkeologar har funne spor etter busetjing her heilt tilbake til eldre steinalder.

Helleren er om lag 60 meter lang og 15 meter djup, og det er 30 meter "under taket". Taka på husa i Helleren er tekte berre med treplankar. Sidan husa står tørt og i ly av regnet, har det ikkje vore behov for takstein.

Cittaslow

Etter besøket under Helleren drog Kronprinsparet til Sogndalstrand. Her var det samla til folkefest i amfiet. Ordførar Dag Sørensen ønskte velkommen og fortalde blant anna om Sokndals engasjement i Cittaslow.

Cittaslow-rørsla vart stifta i 1999 da representantar for 33 italienske byar møttest og skreiv under på eit charter. Dei hadde sett seg leie på at byane stadig vart meir like, med like fasadar, same butikkjeder, samme vareutval og reklame. Eitt av måla for Cittaslow-rørsla er å ta vare på mangfaldet og dei særtrekka kvar kommune har. Sokndal var den første kommunen i Norden som vart med i Cittaslow-rørsla.

Etter arrangementet i amfiet drog følgjet til Sogndalstrand kulturhotell, der dei fekk ei omvising av innehavaren, Eli Laupstad Omdal.

Om ettermiddagen reiste Kronrinsen og Kronprinsessa vidare til Lund kommune.

NorDan i Lund

Besøket i Lund starta med bedriftsbesøk på hjørnesteinsbedrifta NorDan, som har både hovudkontoret og den største farbrikken sin lokalisert her. NorDan-konsernet er ein av dei leiande produsentane i Skandinavia av vindauge og dører og legg stor vekt på energiøkonomisering, helse og tryggleik i produksjonen.

Etter besøket på NorDan reiste Kronprinsparet til Båtsportsenteret, der det var samla til folkefest med talar og musikalske innslag. Kronprins Haakon heldt den siste talen sin for turen og nytta høvet til å takke for dei mange opplevingane undervegs:

 

Det har vært utrolig innholdsrike dager hvor vi har lært mye både om historien, livet i dag og håp og planer for fremtiden. Vi har blitt kjent med nye steder, kulturer, tradisjoner – og truffet mennesker vi ikke vil glemme. Det å reise rundt i landet og treffe mennesker der de bor, og se alt som gjøres for å styrke lokalsamfunnene, er noe av det aller viktigste Kronprinsessen og jeg gjør. Vi setter stor pris på at så mange har gjort så mye for at reisen skulle bli uforglemmelig for oss.

Lund omsorgssenter

På Lund omsorgssenter opna Kronprinsessa eit nytt dagsenter for demente. Skuleelevar og barn frå barnehagane i Hovsherad og på Heskestad bidrog med song under besøket. Kronprinsparet fekk òg høve til å møte bebuarane.

Besøket på omsorgssenteret i Lund vart det siste for Kronprinsparet på årets fylkestur.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook