Dignity Day 2009
Målet med Dignity Day (Verdigheitsdagen) er å skape fokus rundt verdigheitsomgrepet og kva det inneber i kvardagen til den enkelte og andre menneske. Elevane diskuterer omgrep og deler erfaringar dei har for å kunne konkretisere kva dei legg i verdigheit, og hva dei kan gjere for å styrkje si eiga og andre si verdigheit.
Kva er Global Dignity?
Global Dignity er ein uavhengig, non-profit og upartisk organisasjon som ønskjer å vere til inspirasjon ved å motivere til verdigheitsbasert leiarskap.
Global Dignity har som mål å bringe verdigheitsbasert leiarskap inn på alle nivå – ikkje minst i utviklingsarbeidet. Som rettesnor i dette arbeidet har grunnleggjarane definert 5 prinsipp:
- Alle menneske har rett til å leve eit verdig liv.
- Eit verdig liv er å kunne bruke ressursane sine som menneske. Ein føresetnad for dette er å ha tilgang til eit tilfredsstillande nivå av helsetenester, utdanning, inntekt og tryggleik.
- Verdigheit er å ha fridom til å ta avgjerder og gjere val som vedkjem eins eige liv – og oppleve at denne retten blir møtt med respekt.
- Verdigheit bør vere det styrande prinsippet for alle handlingar.
- Vår eiga verdigheit heng nøye saman med andre si verdigheit.
Bakgrunn
Kronprins Haakon etablerte Global Dignity i 2006 saman med to andre medlemmer av Young Global Leaders – professor Pekka Himanen (Finland) og professor John Bryant (USA). Young Global Leaders spring ut frå World Economic Forum.
Tanken bak Global Dignity er å setje fokus på den universelle retten alle menneske har til å leve eit verdig liv. Alle menneske har sjansen til å auke verdigheita i andre sitt liv, og gjennom å gjere det aukar vi verdigheita i våre egne liv. Sidan 2006 har H.K.H. Kronprinsen, John Bryant og Pekka Himanen arrangert Dignity Days på skolar rundt i verda.
Aktuelle saker

Natur og utdanning i Sogndal
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen fortsetter sin fylkestur til Vestland i dag, til kommunene Sogndal og Høyanger. I Sogndal var utdanning fra barnehage til doktorgrad et sentralt tema.

Innledet fylkestur i Aurland og Lærdal
I dag innledet Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen årets fylkestur, som går til Sogn i Vestland. Den spektakulære Flåmsbana tok Kronprins Haakon gjennom Aurland - den første kommunen på turen.