Hopp til hovedinnhold

Feira Sandnes

I går var det på dagen 150 år sidan Kong Carl XV skreiv under lova som gav Sandnes bystatus. H.M. Dronning Sonja brukte heile dagen i Sandes, før ho stod for den offisielle opninga av byjubileet onsdag kveld.
15.04.2010

Det var mange ulike kulturinnslag omkring i byen heile dagen. Musikk og dans frå mange ulike genrar og mange ulike stader stod på programmet - både folkedans og -musikk frå regionen og frå fjernere himmelstrøk.

Vitenfabrikken

For Dronninga starta programmet i Vitenfabrikken – eit museum og kunnskapshus med fokus på teknologi. I planetariet i museet var det vising av filmen ”Sandnes i fortid, nåtid og fremtid”, etter at Dronninga også hadde fått ei innføring i historia til byen gjennom lanseringa av eit nytt historieverk, ”Sandneshistorien 1860-2010”.

Jubileet i Sandnes ser ikkje berre bakover i tid, men peikar òg mot framtida. Under besøket i Vitenfabrikken fekk Dronning Sonja opne barnehagane sitt IT-prosjekt ”Barnas fremtidsverk”, godt hjelpt av fem år gamle Emil Refsnes, som viste Dronninga korleis ho skulle gjere det.

Dronninga fekk òg ei omvising i ulike delar av museet og ein presentasjon av prosjektet ”Kem e’ Sandnes”.

I Sandnes kulturhus

På ein konferanse i regi av Kulturbørsen fekk Dronninga ei orientering om kva slags effekt statusen som kulturhovudstad har hatt for Sandnes (Stavanger 2008), i tillegg til eit foredrag om omdømmebygging og kreativitet.

Reisa frå Vitenfabrikken til kulturhuset gjekk gjennom byen i sykkeldrosjen til Egil Øivind Ovesen, som hadde både Dronninga og Sandnes-ordførar Norunn Østråt som passasjerar.

Rorvik bu- og aktivitetssenter

På Rorvik fekk Dronning Sonja ei orientering om dei ulike aktivitetane og tilboda ved senteret. Dronninga møtte både bebuarar og tilsette og fekk servert kaffi og vaflar. Huskoret ”Kor e me” stod for underhaldninga.

Offisiell opning

Den offisielle opninga av jubileet gjekk føre seg på eit stort utandørsarrangement om kvelden. Dronninga spaserte til Vågen vidaregåande skole, der det heile gjekk føre seg, følgd av 300 folkedansarar og trekkspelarar.

Dronninga heldt fram trekk ved historia til Sandnes, før ho avslutta med å peike framover:

Visjonen ”Sandnes – i sentrum for fremtiden” er spennende, optimistisk og dynamisk. Jeg er sikker på at byens innbyggere evner å omforme visjon til virkelighet. Sandnes er åpenbart en by å være stolt av!

Det er en glede for meg å gratulere med byens første 150 år - og å ønske dere til lykke med de neste 150. Med dette erklærer jeg byjubileet Sandnes2160 for offisielt åpnet!

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook