Hopp til hovedinnhold

Konferanse om global utvikling

Verdas økonomiske forum samla deltakarar frå heile verda til Global Redesign Summit i Doha, Qatar søndag og måndag. H.K.H. Kronprinsen deltok som leiar av Young Global Leaders’ arbeid med idédugnaden til forumet som har vara i over eitt år.

31.05.2010

Under konferansen i Doha vart 58 konkrete forslag til korleis ein kan utvikle og styrkje internasjonalt samarbeid, lagde fram og diskuterte.

Forslaga er eit resultat av ein dialog som har pågått i over eitt år og involvert 1 500 ekspertar innan forsking og utdanning, næringsliv, frivillige organisasjonar, politikk og samfunnsliv.

Idédugnad

Prosjektet Global Redesign Initiative (GRI) var òg eit sentralt tema på årsmøtet til Verdas økonomiske forum i Davos i Sveits i januar.

Kronprinsen har delteke på møte i blant annet Dubai, Davos og no Doha det siste året på grunn av si rolle i avdelinga i forumet for leiarar under 40 år. Young Global Leaders er den viktigaste stemma til dei yngre leiarane inn i Verdas økonomiske forum. Kronprinsen har frå forsommaren 2009 hatt eit overordna ansvar for å koordinere Young Global Leaders’ arbeid og innspel til Global Redesign Initiative.

Sluttrapport presentert

Resultata av det drygt eitt år lange arbeidet og tilrådingane til vidare arbeid vart lagde fram for politikarar og næringslivsleiarar i Doha. Alle forslaga er å finne i den 600 sider lange rapporten ”Everybody’s Business: Strengthening International Cooperation in a More Interdependent World”.

Under første dag av Doha-konferansen deltok Kronprins Haakon blant anna i ein paneldebatt saman med Singapores utviklingsminister Mah Bow-Tan, Zanzibars president Amani Abeid Karume og Arif M. Naqvi, grunnleggjar og konsernsjef i banken Abraaj Capital. Ordstyrar for panelet var Klaus Schwab, grunnleggjaren av Verdas økonomiske forum.

Konferansen samla over 500 deltakarar frå meir enn 90 land.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook