Hopp til hovedinnhold

Fondsmidlar delte ut i dag

Årets tildelingar frå Kronprinsparets humanitære fond vart overrekte av Kronprinsparet i Kristiansand i dag. Representantar for prosjekta Shonglap og Jóvenes emprendedores var til stades for å ta imot støtta.
30.08.2010

Tildelinga skjedde på Universitetet i Agder i Kristiansand i samband med eit fagseminar om mikrokreditt og ungt entreprenørskap. Haddy N’jie var konferansier under arrangementet, som inkluderte foredrag frå professor Jan Inge Jensen og professor Roy Mersland om ungt entreprenørskap i Noreg og i utviklingsland.

Odd Christoffer Hansen i fondet sitt styre las frå grunngjevinga:

"I begrunnelsen for årets tildeling har vi i styret lagt spesiell vekt på samarbeidet mellom Strømmestiftelsen og Misjonsalliansen, som driver henholdsvis Shonglap i Bangladesh og Jovenes emprendedores i Ecuador. Dette er to veletablerte organisasjoner som hver for seg gjennom mange år har gjort en stor humanitær innsats. Sammen har de nå planer om å få til noe langt større enn de kan klare hver for seg – blant annet å etablere et sterkt fagmiljø knyttet til ungdom og mikrofinans. Denne målsettingen – og selve samarbeidsformen – vurderer styret som et viktig tilleggselement til det flotte arbeidet som gjøres for ungdommene.

Vi er rett og slett begeistret. Begeistret for de to prosjektene, for å kunne hjelpe vanskeligstilte unge i en viktig fase i livet. Og begeistret over de to organisasjonene Strømmestiftelsen og Misjonsalliansen, samt det samarbeidet de har innledet for å kraftsamle og bygge kompetanse på et meget viktig område."

Det vart vist film frå Misjonsalliansens prosjekt Jóvenes emprendedores i Ecuador og Strømmestiftelsens Shonglap-prosjekt i Bangladesh. Salma Sultana tok imot tildelinga på vegner av Shonglap, mens Wendy tok imot på vegner av Jóvenes emprendedores.

Tildelinga frå Kronprinsparets Humanitære Fond er på 300 000 kroner til kvart av prosjekta.  

Si eiga verksemd

Wendy frå Ecuador er ei av mange som har fått hjelp frå prosjektet, og ho fortalde levande om korleis det hadde forandra livet hennar. Med mikrokreditt og støtte frå Jóvenes emprendedores etablerte Wendy si eiga verksemd der ho sel kosmetikk og hudpleieprodukt frå katalog. Inntektene ho har frå salet, finansierer blant anna legestudiet hennar.

"Jeg tror noe av det viktigste i verden i dag, er å styrke ungdoms muligheter. At ungdom får ta utdannelse, bli bevisst sine rettigheter, får anledning til å bruke sine ressurser, bli selvstendige og tjene egne penger.",sa Kronprinsessa i overrekkingstalen i dag.

Kronprinsparet tok seg god til til å snakke med dei frammøtte, både studentar og representantar for organisasjonane.

Nærare om Shonglap

Strømmestiftelsens Shonglap-program i Bangladesh er ei eittårig utdanning for ugifte jenter mellom 11 og 19 år som har gått glipp av skolen på grunn av fattigdom. Shonglap betyr dialog på bengali.

Målet er å gjere jentene stolte og sjølvstendige og gje dei kunnskap om eigne rettar og sjansen til å tene eigne pengar. Slik kan dei unngå for tidleg ekteskap, tvangsprostitusjon, overgrep og utnytting. Etter å ha vore gjennom heile kurset, får dei eldste jentene sjansen til å få lån og starte næringsverksemd. Så langt har 40 000 jenter fullført programmet.

Jóvenes emprendedores

Jóvenes emprendedores betyr unge gründerar og er eit nytt prosjekt som kombinerer lån og opplæring til ungdom mellom 17 og 23 år i zonas marginales i Guayaquil i Ecuador. Målet er at ungdom skal få sitt eige levebrød for dermed å redusere den finansielle byrda for foreldre deira og aller viktigast for at dei unge tidleg lærer seg å jobbe. Det reduserer sosiale problem og gjev dei unge auka sjølvtillit.

Prosjektet består av opplæring der deltakarane får hjelp til å identifisere gründereigenskapane sine, og dessutan kursing i kva som må til for å lykkast som gründer. Dei av dei unge som kan vise til gode forretningsidear, får lån til å starte eiga næringsverksemd.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook