Hopp til hovedinnhold

Statsbesøk til Slovakia

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga innleidde besøket til Den slovakiske republikken i dag. Dette er det første norske statsbesøket til Slovakia sidan landet vart oppretta i 1993. Kongeparet vart ønskte velkommen ved presidentpalasset i Bratislava.

26.10.2010

Den høgtidelege velkomstseremonien vart halden i føremiddag, da H.E. President Ivan Gašparovič og fru Silvia Gašparovičová ønskte Kongeparet velkommen på tradisjonelt vis: med brød og salt. Kong Harald og President Gašparovič helsa flagget og æresgarden før dei offisielle delegasjonane vart presenterte.

Offisielle møte

Etter velkomstseremonien leidde Kongen og Presidenten dei bilaterale samtalane mellom norske og slovakiske representantar. Delegasjonane diskuterte blant anna berekraftig utvikling og auka samarbeid innan næringsliv og kultur. Statsminister Iveta Radičová var vert for ein offisiell lunsj i Regjeringsbygningen, før Kong Harald møtte parlamentspresident Richard Sulík.

Kunstsenteret Danubiana

Dronning Sonja besøkte kunstsenteret Danubiana Meulensteen. Senteret ligg på ei halvøy i Donau (derav namnet) nær grensa til Ungarn og viser for tida arbeida til den slovakiske kunstnaren Jozef Jankovič.

Senteret har ein spesiell arkitektur, ei utforming som minner om ein romersk galei - og ligg omkransa av ein skulpturpark. Dronninga fekk ei omvising i utstillinga og i skulpturparken omkring.

Etter besøket var Dronninga Silvia Gašparovičovás gjest ved ein offisiell lunsj i Erdödypalasset. Palasset rommar òg eit kunstgalleri, og Dronninga fekk ei omvisning i galleriet her.

Gamlebyen i Bratislava

Bratislava fekk byprivilegia sine i 1291 og var ungarsk hovudstad mellom 1536 og 1784. I 1919 vart byen ein del av Tsjekkoslovakia. Bratislava var hovudstad da Slovakia vart oppretta som tysk lydrike mellom 1939 og 1945, før området igjen vart tsjekkoslovakisk. Byen vart hovudstad på nytt da Slovakia vart sjølvstendig i 1993.

Bratislava har ein kompakt og godt bevart gamleby med ei rekkje historiske bygg og viktige institusjonar. Kongeparet fekk ei omvising i gamlebyen i følgje med Bratislavas ordførar Andrej Ďurkovský.

Gallamiddag

I kveld er Kongen og Dronninga gjester hos presidentparets gjester ved ein gallamiddag i den gamle parlamentsbygningen. Middagen blir halden i Storsalen, som tidlegare blant annet har vorte nytta til konsertar. Både Frantz Lizt og Johannes Brahms har halde konsert her.

 

Fakta

Fakta om Den slovakiske republikk

Hovedstad: Bratislava
Største byer: Bratislava, Košice and Prešov

Størrelse: 49 035 km²
Befolkning 2010: ca 5,4 millioner
Offisielt språk: Slovakisk

Styresett: Republikk
Statsoverhode 2010: President Ivan Gašparovič

Diplomatiske forbindelser med Norge siden 1. januar 1993, da Slovakia ble opprettet ved delingen av det tidligere Tsjekkoslovakia.

Samhandlingen mellom Slovakia og Norge har vært relativt beskjeden, men er nå økende både innenfor kultur og næringsliv. Dette skyldes blant annet Norges bidrag til Slovakia gjennom EØS-finansieringsordningene og opprettelsen av den norske ambassaden i Bratislava i januar 2005.


Kilde: UD

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook