Hopp til hovedinnhold

Mangfald som ressurs

Behovet for etnisk mangfald i organisasjonar og samfunnsliv stod i sentrum da H.K.H. Kronprins Haakon opna Møteplass 2010 i dag. Konferansen blir arrangert av Frivillighet Norge og spør om ikkje mangfald er framtidas viktigaste ressurs.
05.11.2010

Kronprinsen innleidde blant anna med å peike på rolla mangfald mellom og internt i organisasjonane kan spele for sosial inkludering, korleis
(...) dette arbeidet i frivillig sektor fungere som en katalysator for å bryte ned barrierer og skape naturlig felleskapsfølelse og tilhørighetsfølelse ellers i samfunnet.
"

Kronprins Haakon peikte på arbeidet som i desse dagar blir gjort av arrangørane bak ski-VM i Oslo 2011. Her har ein etablert prosjektet Fellesstart med mål om å rekruttere 10 prosent frivillige med innvandrarbakgrunn. Oslo 2011 ønskjer å spegle befolkninga slik ho er, og signalisere at alle er velkomne.

Ein møteplass for organisasjonane

Konferansen samlar frivillige og tilsette leiarar frå tradisjonelle norske organisasjonar og minoritetsorganisasjonar til kompetanseoverføring og diskusjon.

Forsking har vist at minoritetsbefolkninga deltek i frivilligheita, men dei frivillige organisasjonane har problem med å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn til aktiv innsats. Så korleis kan frivilligheita gjerast meir mangfaldig? Dette spørsmålet vil ulike innleiarar på konferansen adressere utover kvelden:

  • Mangfald som ressurs i eit framtidsretta Organisasjons-Noreg
    Innlegg ved Dilek Ayhan, Alarga
     
  • Mangfald – ein lønnsam strategi
    Innlegg ved Frode Meltzer, Telenor ASA
     
  • I Posten er forskjellar det normale
    Innlegg ved Elisabeth H. Gjølme, Posten
     
  • Etniske og sosiale skilje i frivilligheita
    Innlegg ved Petter Eide, Frivillighet Norge og Norsk Folkehjelp
     
  • Korleis kan vi samarbeide for å bli eit mer mangfaldig Organisasjons-Noreg?
    Eksempel på samarbeid ved Shaista Ayub (Diabetesforbundet) og Fatima Al Madar (Somaliland Kvinners Solidaritetsforening)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook