Hopp til hovedinnhold

Rekruttering Noreg på langs

To funksjonshemma idrettsutøvarar handsyklar og piggar rullestol frå Lindesnes til Nordkapp. Målet er å rekruttere funksjonshemma til idretten. Prinsesse Märtha Louise var til stades da etappen Kristiansand–Lillesand vart tilbakelagd i dag.
26.04.2011

Reisa til Per Christian Brunsvik og Steinar Andreassen Jensen er eit ledd i Noregs idrettsforbunds prosjekt ”Rekruttering Norge på langs – idrett for funksjonshemmede”.

I løpet av den drygt to månader og 2500 kilometer lange turen er det planlagt ei rekkje arrangement på større og mindre stader i landet. Målet er å rekruttere 500 nye funksjonshemma utøvarar til idretten i 2011. Ein håpar også at folk lokalt, med eller utan funksjonshemming, vil slutte seg til heile eller delar av etappane anten syklande, rullande eller springande.

Frå startskot i Kristiansand

Tysdag 26. april var det etappen mellom Kristiansand og Lillesand som vart tilbakelagd. Prinsesse Märtha Louise og idrettspresident Tove Paule vart viste rundt på Nedre Torv i Kristiansand for å sjå ulike aktivitetar, før ordførar Per Sigurd Sørensen og Prinsessa heldt kvar sin helsingstale. I talen sin peika Prinsessa på korleis mange med funksjonshemming kanskje kvir seg for å ta kontakt med eit idrettslag – samtidig som idrettslag kan vere usikre på korleis dei kan leggje til rette for inkludering av funksjonshemma:

Prosjektet ”Rekruttering Norge på langs” vil bli eit viktig bidrag til bevisstgjering og synleggjering av høvet til inkludering av funksjonshemma i idretten lokalt over heile landet, sa Prinsessa.

Deretter var det klart for dagens etappe. Prinsessa fekk avfyre startskotet for dei to utøvarane og den tidlegare toppsyklisten Frank Klungland, som slo følgje denne dagen.

Med Brunsvik og Jensen vel av stad fekk Prinsessa høve til å prøve elektrisk sportsstol. Jørgen H. Johansen demonstrerte stolen som han og lagkameratane bruker når dei speler EL-innebandy.

Til Lillesand

Seinare på dagen tok Prinsessa imot dei da dei kom til Lillesand. Også her vart det halde helsingstalar, denne gongen ved ordførar Arne Thomassen og idrettspresident Tove Paule.

I Lillesand fekk Prinsessa sjå ei oppvising i rullestoldans, og det vart også tid til ein spasertur til statuen av dei funksjonshemma idrettsutøvarane og førebileta Ketil Moe og Mark Wang som står utanfor rådhuset.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook