Sæterhytten gjenåpna
Det omfattande restaureringsarbeidet vart påbegynt i 2009 og nyleg fullført.
Badehuset som vart kafé
Sæterhytten vart bygd i 1851 og var opphavleg eit badehus som låg ved stranda til lystslottet Oscarshall. Huset var bygd på ein pram og slik at det enkelt kunne flyttast. I 10 år fungerte det som badehus, men måtte setjast på land da det var utsett for skipsmark, og behovet for vedlikehald var stort.
Badehuset vart bygd om og gjenoppført på Dronningberget. Innviinga skjedde på namnedagen til Dronning Louise 25. august 1862. Frå 1870-åra og heilt fram til 1960-åra vart hytta brukt som serveringsstad. Bygget har òg fungert som bustad og galleri. I løpet av mai vil Sæterhytten bli gjord tilgjengeleg for publikum som søndagskafé og selskapslokale.
Overleveringa
I dag vart den ferdig restaurerte hytta overlevert Dronninga av Fornyings- administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud. Elevar frå Barrat Due stod for det musikalske innslaget, mens Juni Dahr framførte Til Sæterhyttens innvielse. Dette diktet vart forfatta av Henrik Ibsen til den opphavlege innviinga i 1862.
Under innviinga i 1862 var det tre kongelege "Louiser" til stades: Dronning Louise, dotter hennar og Prinsesse Louise av Nederland. Til minne om desse tre er det skore ut eit monogram med 3 L-ar i gavlen.
Dronning Sonja gjennomførte ei symbolsk avduking av monogrammet med dei tre L-ane, før Hennar Majestet fekk ei omvising i Sæterhytten.
Assisterande fylkesmann, Riksantikvaren, representantar for FAD og Statsbygg var òg til stades under seremonien.
Aktuelle saker

Juleforestilling med Dissimilis
Prinsesse Astrid, fru Ferner var til stede under Dissimilis’ juleforestilling i Den norske opera og ballett i Oslo. Det er tradisjon at Prinsessen, som Dissimilis beskytter, er til stede under juleforestillingen.

Skoleprisen til Storhamar videregående skole
Storhamar videregående skole tildeles i år Dronning Sonjas skolepris for deres arbeid med inkludering og likeverd. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen overrakte i dag prisen til skolen på Hamar.