Hopp til hovedinnhold

Statsbesøk til Kroatia

DD.MM. Kong Harald og Dronning Sonja er på eit statsbesøk til Kroatia 12. og 13. mai. Velkomstseremonien vart gjennomført utanfor presidentpalasset i dag tidleg.

12.05.2011

H.E. President Ivo Josipović og professor doktor Tatjana Josipović ønskte Kongeparet velkommen til Kroatia utanfor presidentpalasset, Vila Zagorje i Zagreb. Zagreb har ei tusenårig historie og har vore hovudstad sidan Kroatia vart uavhengig i 1991.

Etter den høgtidelege mottakinga fortsette Kongeparet og Presidentparet inn i Vila Zagorje for offisiell gåveutveksling og samtalar.

Bilaterale samtalar

Statsbesøket heldt fram med eit bilateralt møte, der Kong Harald og President Josipović leidde samtalen mellom delegasjonane. Seinare på dagen hadde Kong Harald òg møte med presidenten for det kroatiske parlamentet, herr Luka Bebić, og statsminister Jadranka Kosor.

Opna utstilling på Mimara Museum

Dronning Sonja og fru Josipović hadde eit parallelt program, der kulturutveksling mellom Noreg og Kroatia stod sentralt. Etter eit besøk med omvising i Villa Prekrižjem reiste Dronninga til Mimara Museum, der ho opna utstillinga Konstruksjonar og paradigme. Utstillinga viser norsk kunsthandverk, og i opningstalen sin peika Dronninga på korleis dette for mange kan vere eit lettare tilgjengeleg kunstuttrykk:

This exhibition presents garments, vases, dishes, knives and handbags – the very things we, the public, have in our own homes and see, touch and use every day. The artists’ versions – well, rather interpretations – of these familiar objects may surprise us, even provoke us a little. But still, there is a feeling of recognition on our part; we are on common ground. These works of art and their creators can - and do speak to us directly. And that is what international cultural cooperation is all about: To create privileged meeting-places, where there is room for dialogue and sharing.

Besøkte Meštrović-galleriet

Den kroatiske kunstnaren Ivan Meštrović (1883-1962) blir rekna blant dei viktigaste bilethoggarane på 1900-talet, spesielt innanfor religiøs kunst. I Paris møtte han Auguste Rodin, som skulle få stor påverknadskraft.

Galleriet held til i ein bygning frå 1600-talet, og Meštrović budde her mellom 1922 og 1942. Om lag 300 av arbeida hans finst i galleriet, og Dronning Sonja fekk ei omvising av museumsdirektøren, Andro Krštulović.

Talte til Næringslivsseminar

I løpet av dagen møttest representantar for norsk og kroatisk næringsliv til kompetanseutveksling innanfor ei rekkje område. Om ettermiddagen slutta Kong Harald og President Josipović seg til forsamlinga og heldt kvar sin tale til deltakarane. Kong Harald understreka dei mange områda der Kroatia og Norege har felles interesser, og uttrykte ønske om styrkt samarbeid:

Today’s events have focused on some special areas of interests:

  • Renewable energy
  • Tunnelling technology
  • Defence industry
  • Geographic information for development

These are areas of common interest to our two countries and should be developed further through academic cooperation, scientific and technological research, and business projects.

Offisiell middag

I kveld er Kongen og Dronninga statsminister Jadranka Kosors gjester ved ein offisiell middag i Pontgratz-paléet.
 

Fakta

Fakta om Den kroatiske republikk

Hovedstad: Zagreb
Største byer: Zagreb, Split og Rijeka.

Størrelse: 56 542 km²
Befolkning 2011: 4,4 millioner
Offisielt språk: Kroatisk.

Styresett: Republikk
Statsoverhode 2011: President Ivo Josipović

Det ble opprettet diplomatiske forbindelser mellom Norge og Kroatia i 1992. Kongeparets besøk mai 2011 er det første norske statsbesøk til landet. Tidligere President Stjepan Mesić besøkte Norge i 2005.

Norsk prosjektsamarbeid med Kroatia har i hovedsak fokusert på maritimt samarbeid og minerydding.

Nærmere 135 000 norske turister besøkte Kroatia i 2010, og tallet har vært sterkt økende de siste årene.

Kilde: UD

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook