Hopp til hovedinnhold

Forest Europe

Noreg er vertsland for årets Forest Europe - ein internasjonal ministerkonferanse for bevaring og berekraftig forvaltning av skogane i Europa. H.K.H. Kronprinsen opna konferansen i Oslo i dag.

14.06.2011

Kronprins Haakon starta dagen med å plante eit lønnetre i hagen til Det norske skogselskap, som ei markering av 2011 som det internasjonale skogåret. I 1998 planta Hans Majestet Kongen eit tre i den same hagen.

Forest Europe har planta ei rekkje tre i samband med konferansen for å kompensere for CO²-utsleppa delegatane si reise til konferansen har medført.

870 millioner tonn

Kronprinsen heldt opningstalen på den første dagen på konferansen. Her la han særleg vekt på kva skogen har å seie for å forhindre jordskred og tørke, og kor viktig skogane er i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Dei siste fem åra har skogane i Europa årleg fjerna 870 millionar tonn CO² frå atmosfæren:

Only during the last 5 years, about 870 million tons of CO² have been removed annually from the atmosphere by photosynthesis and tree biomass growth in Europe. This corresponds to about 10 percent of the green-house gas emissions of Europe in 2008, sa Kronprins Haakon.

Forest Europe

Forest Europe vart stifta i 1990 og består i dag av 46 medlemsland. Målet til organisasjonen er å utvikle felles strategiar og politiske tiltak for korleis ein best kan bevare skogane i Europa som arbeidsplass, rekreasjonsområde, naturreservat og klimabeskyttar.

Noreg og Spania deler formannskapet i organisasjonen.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook