Hopp til hovedinnhold

Handel, helse og kultur

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga følgde Sør-Afrikas president H.E. dr. Jacob Zuma og fru Tobeka Zuma på ei rekkje besøk i dag. Både næringsliv, helse og kultur stod på programmet for Kongeparet og Presidentparet.

01.09.2011

Kong Harald og President Zuma starta dagen med eit møte hos Det Norske Veritas. Olje- og energiminister Ola Borten Moe og næringslivsleiarar frå både Sør-Afrika og Noreg var til stades på møtet, der Veritas presenterte løysingar for fangst og lagring av CO². I desember blir FNs klimatoppmøte, COP17, halde i Durban, Sør-Afrika.

Deretter reiste Kongen og Presidenten vidare til Gamle Logen, der representantar for norske og sør-afrikanske interesser var samla til næringslivsseminar.

Ei rekkje norske verksemder er etablerte i Sør-Afrika, og handelen mellom landa våre er aukande. Innovasjon Noreg, som er vertskap for dagens seminar, har eit eige kontor i Johannesburg der dei legg til rette for kontakt mellom norsk og sør-afrikansk næringsliv.

Det har òg vore ein auke i talet på norske turistar til Sør-Afrika dei siste åra, og talet er no oppe i over 23 000 årleg.

Heldt foredrag

Etter seminaret følgde Kong Harald Presidenten til Nobelinstituttet, der President Zuma heldt foredraget Peace and Reconciliation – a South African Perspective. Seinare hadde Presidenten òg møte med statsminister Jens Stoltenberg.

Ullevål sjukehus

Dronning Sonja og fru Tobeka Zuma hadde eit parallelt program der dei besøkte Ullevål universitetssjukehus. Her fekk dei ei orientering om det internasjonale samarbeidet sjukehuset deltek i, og doktor Eyrun Kjetland fortalde spesielt om samarbeidet Ullevål har med sørafrikanske miljø om kvinnesjukdommar.

Dronning Sonja og fru Zuma besøkte òg kreftavdelinga, der dei fekk ei innføring i arbeidet, og professor Kjell Magne Tveit demonstrerte korleis strålebehandling av ein pasient skjer i praksis.

Regjeringslunsj

Statsminister Stoltenberg og fru Ingrid Schulerud var vertskap da Regjeringa heldt lunsj til ære for Presidentparet på Akershus slott i dag. Kongen og Dronninga var til stades under lunsjen, saman med fleire medlemmer av Regjeringa og andre representantar for det offisielle Noreg.

Besøk til Holmenkollen

I ettermiddag besøkte Kongeparet og Presidentparet Holmenkollanlegget saman. I går var det Fridtjof Nansen, nobelprisvinnaren, som møtte følgjet på Nobels fredssenter. I dag var det polfararen Nansen som stod i sentrum. Skimuseet ligg inne i fjellet under Holmenkollbakken og har 4000 års skihistorie å vise fram. Ein viktig del er polarutstillingane, som blant anna viser dei viktigaste ferdene til Fridtjof Nansen og Roald Amundsen.

Statsbesøket blir avslutta no kveld med eit pressemøte på Slottet for President Zuma og fru Tobeka Zuma.
 

Fakta

Fakta om Sør-Afrika

Hovedsteder: Pretoria, Cape Town og Bloemfontein.

Største by: Johannesburg
Størrelse: 1.219.912 km² (Norge = 385 186 km²)
Befolkning 2011: ca 49,1 millioner

Offisielle språk:
Sør-Afrika har 11 offisielle språk. Engelsk benyttes mest i offisielle sammenhenger, men i dagligtale er zulu, xhosa, afrikaans, sesotho og setswana større.

Styresett: Republikk
Statsoverhode 2011: President Jacob Zuma

Båndene mellom Norge og Sør-Afrika er sterke, ikke minst på grunn av Norges støtte til ANC under kampen mot apartheid. I dag preges forholdet av dialog om globale spørsmål som fred og demokrati, konfliktløsing, tusenårsmålene, miljø og klima. Forskning og høyere utdanning er viktige samarbeidsområder, og et økende antall norske studenter tilbringer tid i Sør Afrika.

Kong Harald og Dronning Sonja avla statsbesøk i Sør-Afrika både i 2009 og i 1998, og president Nelson Mandela avla statsbesøk til Norge i 1999.

Valuta: Rand
Viktigste næringer: Finans og gruveindustri.
Eksport til Norge (2008) 2,278 mill NOK
Import fra Norge (2008): 770 mill NOK

Kilder: UD og www.safrica.info
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook