Hopp til hovedinnhold

One Young World 2011

DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa deltek begge under One Young World Summit i Zürich. Det var 1200 unge leiarar i salen da Kronprinsen opna konferansen i kveld.

01.09.2011

Desmond Tutu, Bob Geldof og Muhammad Yunus er blant dei erfarne leiarane som skal dele erfaringane sine med delegatane, som for det meste er unge leiarar under 25 år. Kronprinsen og Kronprinsessa er òg blant dei som gjennom samtalar og gruppesamlingar vil bidra til å gje framtidas leiarar så gode verktøy og føresetnader mogleg.

- We have more in common than what separates us

Kronprins Haakon opna konferansen i kveld. Med utgangspunkt i terrorhandlingane i regjeringskvartalet og på Utøya understreka Kronprinsen at vi sjølve har sjansen til å velje korleis vi lèt det som hende, påverke oss. Korleis det no er viktig å stå saman og byggje på kva vi har felles:

- This is what One Young World is about. There is great opportunity in this meeting. It is up to you now. Use the next days to build bridges, seek profound truth, find common ground - and move the world forward.

Dette var oppfordringa Kronprinsen kom med til dei unge leiarane som i dagane som kjem,skal diskutere tema som global helse, miljø, global økonomi, media, leiing og dialog på tvers av religionar.

Global Dignity på programmet

I løpet av konferansen vil Kronprinsen og Pekka Himanen òg gjennomføre ein «Dignity Session» i hovudsalen. Ein av hovudbodskapane til Global Dignity er at å leve eit verdig liv vil seie å få sjansen å utnytte det fulle potensialet sitt.

Kronprinsen og Himanen heldt òg ein «Dignity Session» på Zürich International School tidlegare i dag. Skolen har om lag 1500 eleva frå meir enn 50 land, og åtte av dei er norske. Kronprinsen og Kronprinsessa hjelpte elevar som rettleiarar gjennom samtalane om verdigheit, og fleire delte verdigheitshistoriene sine med resten av elevane og lærarane på skolen i plenum på slutten av arrangementet.
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook