Hopp til hovedinnhold

Unge skaparar i Sarpsborg

H.K.H. Kronprinsen besøkte torsdag skolane Kruseløkka og Greåker, som har gode tradisjonar for å lære elevane å drive eigne bedrifter og vere innovative. Deretter gjekk turen til det nye 6400 kvadratmeter store vitensenteret Inspiria science center i Sarpsborg.

29.09.2011

Inspiria science center vart opna i august i år. Målet er å formidle kunnskap om matematikk, naturvitskap og teknologi på en morosam og spennande måte ved at dei unge og litt eldre sjølve får eksperimentere. Kronprins Haakon møtte blant anna skoleelevar som jobba med ei tenkt drapssak. Elevane gjorde kjemiske testar av ulike DNA-spor for på den måten å forstå betre korleis faget kjemi kan brukast i praksis.

Inspiria har over 70 ulike utstillingar og eksperiment og inneheld òg eit planetarium for ei teknologisk reise i verdsrommet.

Elevbedrifter på Kruseløkka

Kronprins Haakon brukte heile dagen i Sarpsborg, der fokuset var ungt entreprenørskap.

Det blir gjort mykje bra på nettopp dette området i Sarpsborg. I 2010 vann Sarpsborg kommune Entreprenørskapsprisen. Og i år vann elevbedrifta «Luseknekker’n» på Kruseløkka ungdomsskole den gjævaste prisen på ei regionmesse på Hamar.

Under besøket på Kruseløkka forklarte elvane bak «Luseknekker’n» korleis filtfigurar med lavendeloljeblanding på lua kan hjelpe til med å førebyggje lus.

Kronprinsen fekk òg vite meir om andre elevbedrifter på skolen som har komme opp med alt frå eit spesielt miljøvennleg søppelnett til eit eige brød og gode løysingar for kjeldesortering.

Sciencelinja på Greåker

Besøket i Sarpsborg vart avslutta på Greåker videregående skole med innovasjon som stikkord. Kronprinsen fekk høyre ein presentasjon av sciencelinja på skolen. Å beskrive ein ting som vil finnast i framtidas heimar, er eit eksempel på ei av oppgåvene som elevane har fått i løpet av året.

Borregaards forskingssjef Kristin Misund snakka om samarbeidet mellom skolar og bedrifter i distriktet, og Christer Engström fekk ansvaret for å fortelje om arbeidet med Ungt Entreprenørskap Østfold.
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook