Hopp til hovedinnhold

Dignity Forum i Finland

I dag vart Global Dignity Forum arrangert for første gong. Over 2000 publikummarar i Barona Arena i Helsinki høyrde H.K.H. Kronprinsen tale – i tillegg til Finlands tidlegare president Martti Ahtisaari og erkebiskop Desmond Tutu.

19.10.2011

Dei to fredsprisvinnarane er æresmedlemmer i organisasjonen Global Dignity. Kronprins Haakon etablerte Global Dignity i 2006 saman med finske Pekka Himanen og John Hope Bryant, som leier den amerikanske organisasjonen Operation Hope. Himanen og Bryant deltok òg under Global Dignity Forum.

You must be the change you wish to see in the world”, sang artisten Nadirah X, som framførte låten "Dignity" for første gong. Songen er skriven og produsert av musikaren Dave A. Stewart i høve Global Dignity Day 2011.

Framsyninga vart send på finsk TV. Klikk på lenkja til høgre for å høyre talar og sjå klipp frå kvelden.

«Ubuntu»

Ein gjennomgåande bodskap under Global Dignity Forum var at kvar og ein kan forandre verda.

In our parts of the world we speak about "Ubuntu" - the essence of being human. And we say a person is a person through other persons. I need you to bee all you can be so that I can be all I can be, sa erkebiskop Desmond Tutu i sin tale. I innleiinga takka Tutu òg for nordmenns respons på terrorangrepet i sommar:

We all felt so proud to be human when the Norwegians responded in the way they did to that awful atrocity. Where everybody would have expected that their action would be the reaction of retribution, of revenge – they did nothing of that sort. They spoke about love. They had the ceremony of roses. And everywhere in the world we felt warm around our hearts. We were proud to be human, sa erkebiskopen.

Global Dignity Day for fjerde gong

Dignity Forum i Helsinki markerte startskotet for Global Dignity Day, som blir markert verda over i morgon, 20. oktober. Det skjer for fjerde gong, og markeringa blir større enn nokosinne, idet dagen blir markert i meir enn 50 land på alle kontinent.

Kronprinsen til Stovner

I Noreg er over 150 vidaregåande skolar over heile landet med på Global Dignity Day. 1100 frivillige rettleiarar besøkjer skolane og leier ein samtale om verdigheit i kvar sin klasse. Kronprinsen skal leie Global Dignity Day på Stovner vidaregåande skole i Oslo. Pekka Himanen og John Hope Bryant vil òg vere til stades.

Kva er Global Dignity?

Global Dignity er ein uavhengig og ideell organisasjon. Han har tre mål:

  •   å skape ein global samtale om verdigheit
  • å promotere verdigheitsbasert leiarskap
  • å diskutere verdigheit med ungdom gjennom såkalla Dignity Days på skolar

Målet med ein Dignity Day er å gjere elevane bevisste på kva verdigheit inneber, i eige og andres liv, og korleis dette kan vere med på å definere noko den enkelte kan gjere for å bidra til ein positiv forskjell i verda.

 

Nadirah X fremfører sangen “Dignity” på Global Dignity Forum i Helsinki 19. oktober (Produksjon: FremantleMedia Finland)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook